Hushaldsstrukturar i endring på 1800-talet

På 1800-talet var framleis mange hushald prega av at fleire generasjonar levde saman. Denne praksisen heldt seg sterkare og lenger i samiske hushald enn i norske i Nord-Troms og Finnmark, men rundt 1900 var dei etniske skilnadane utviska, og eit mindretal av dei eldre budde i fleirgenerasjonshushald.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 09.06.11 00:00 Oppdatert: 09.06.11 10:44

Dette syner doktorgradsarbeidet til Hilde L. Jåstad. Ho har studert hushaldsstrukturen i Nord-Troms og Finnmark i perioden mellom 1865 og 1900 og gjort ein komparativ studie av korleis den samiske og den norske befolkninga organiserte familiehushalda sine. Den metodiske innfallsvinkelen har vore å ta utgangspunkt i eldre personars sambuarskap med eigne vaksne ungar.

Hilde L. Jåstad.JPG

 

 

 

 

 

 

Hilde L. Jåstad

Skilje rundt 1875

I 1875 budde opp mot 70 % av eldre samar saman med eigne vaksne barn, medan i norske hushald var det 10 % færre som gjorde det same. Og i mellom 80 og 90 % av dei samiske fleirgenerasjonshushalda var familieoverhovudet i den eldre generasjonen. Jåstad meiner det samiske fleirgenerasjonshushaldet heldt seg lenger enn det norske primært grunna dei ulike praksisane for eigedomsoverdraging. I det samiske familiesystemet hadde det yngste barnet, fortrinnsvis den yngste sonen, forrang ved arv.

- Når det var yngste sonen som overtok hovuddelen av det som var å arve, var konsekvensen at generasjonen før, altså "dei eldre", sat lenger som hushaldsoverhovud og såleis hadde ein sterkare sosial posisjon i fleire år, fortel Jåstad.

Ho meiner at hovudårsaka til at også det samiske fleirgenerasjonshushaldet går markant nedover etter 1875, er at dei unge mennene då stod overfor fleire ulike yrkesval. Såleis vart det for enkelte meir attraktivt å flytte enn å bli verande på heimplassen.

Nedgang uavhengig av økonomisk tilknyting

Nedgangen etter 1875 var altså sterkare i dei samiske hushalda, og dei etniske skilnadane vart utviska fram mot hundreårsskiftet. Og når talet på foreldre som bur saman med eigne, gifte søner rundt 1900 er under 50%, ser ein òg at nedgangen skjedde uavhengig av økonomisk tilknyting. Men i heile perioden er det ein mindre del av fleirgenerasjonshushald mellom fiskararar, enn mellom bønder og fiskarbønder.

- Dette heng saman med at fiskaryrket er meir aldersspesifikt - mange er berre fiskarar i ein fase av livet, før dei går over i fiskarbonde- eller bondetilværet. Fiskerihushaldet er gjerne eit ungt hushald, seier Jåstad.

- Og studiet av den økonomiske tilpassinga, som eg har drøfta i særleg ein artikkel, opnar i visse område opp interessante problemstillingar rundt kategorisering. For var det det at yngste sonen arva eller var det sjølve den økonomiske tilpassinga som var det bærande kulturelle elementet i kven du var og kva slags gruppe du tilhøyrde?

Fall saman med fornorskingspolitikk

For ei anna årsak til at dei etniske skiljelinene i graden av fleirgenerasjonshushald vart utviska fram mot 1900, var staten sin fornorskingspolitikk. I denne perioden vart det politiske grepet stramma i ein prosess med å assimilere den samiske befolkninga til norsk språk og kultur. Samstundes gifta fleire seg på tvers av etniske grupper.

- Konsekvensen av både dei økonomiske, politiske og sosiale strøymingane på slutten av 1800-talet vart ei tilnærming mot eit likt familiesystem i den samiske og norske befolkninga, avsluttar Jåstad.

Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i Munin.

Jåstad&Fagertun.JPG
Hilde L. Jåstad og disputasleiar Fredrik Fagertun, 8. juni 2011

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 09.06.11 00:00 Oppdatert: 09.06.11 10:44
Vi anbefaler