Digital skuleeksamen for første gong

I dag arrangerer HSL-fakultetet for første gong ein skuleeksamen digitalt. Det er sosiologistudentane som har fått den spennande æra av å vera først ute.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 06.06.11 00:00 Oppdatert: 09.06.11 09:14

Gruppa som har arbeidd fram prosjektet "Digital eksamen - frå Fronter til trykkeri", er svært spente på korleis dagens sosiologieksamen og torsdagens statsvitskapeksamen kjem til å fungere.

- Me har testa systemet fleire gonger - både i arbeidsgruppa og på dei studentane som no skal ha eksamen, så dei veit kva dei går til. Men det er sjølvsagt tekniske utfordringar som kan skapa visse problem, seier Mariann Solberg ved UVETT, deltakar i arbeidsgruppa.

Difor er det også personale frå IT-avdelinga, UVETT og studiekonsulentar - i tillegg til vanlege eksamensvakter - i eksamenslokalet.

- Det er sjølvsagt viktig at løysinga er trygg og sikker for studentane, seier Solberg.

digitalskuleex2.JPG
Studentane får utlevert eksamensoppgåvene i Fronter

Ei vidareutvikling av Fronter

Prosjektetet er ei vidareføring av arbeidet med eksamensavvikling i Fronter. På fleire emne har det sidan 2008 vore arrangert digital heimeeksamen, og erfaringane frå dette har gruppa teke med seg i arbeidet. Studentar har lenge etterspurt å kunne bruke datamaskin også på skuleeksamen, sidan all annan akademisk tekstproduksjon gjennom studieåret foregår ved hjelp av ei datamaskin. Også for sensorar blir arbeidet betydeleg lettare når ein slepp å lesa meir og mindre utydeleg handskrift. 

Under eksamen hentar studentane oppgåva si på Fronter, skriv svaret på datamaskina og leverer dette som ein pdf-fil på Fronter. Deretter blir innleveringane lasta ned til eit felles filområde, kor trykkeriet på fakultetet og/eller sensorar kan hente dei ut. 

Ønskjer ein annan eksamenssituasjon på sikt

- Den største utfordringa vår er eigentleg at me startar ein stad me ikkje vil ende opp, nemleg med å laga heilt "reine" omgjevnader med datamaskiner som ikkje inneheld tilgang til noko anna enn Fronter. For skuleeksamen skal framleis gjennomførast utan hjelpemiddel av noko slag, og då må me sikre maskinene for å unngå juks. Dette krever store ressursar frå oss på førehand og under gjennomføringa av eksamen, og ikkje minst legg det avgrensingar på kapasiteten - me har ikkje store nok pc-salar til at mange studentar om gongen kan gjennomføre digitale skuleeksamenar i vår regi, fortel Solberg, som sjølv har arbeidd mykje med IKT i utdanninga og universitetspedagogikk.

- På sikt ønskjer me at studentane kan få bruke eigne datamaskiner med alle dei hjelpemiddel dei måtte trenge, slik at eksamenssituasjonen blir mest mogeleg lik den kvardagen ein vil møte i arbeidslivet, seier Solberg, men legg til at dette jo også er eit pedagogisk spørsmål.

- Det ville krevja ei heilt anna type eksamenstesting. Frå min ståstad med arbeid i IKT i utdanninga både ønskjer og trur eg me kjem til å gå den vegen. På den andre sida vil det alltid vera behov for ulike type eksamenar, så denne typen me no testar vil også vera der i framtida. Men difor treng me å utvikle verktøy og system som støttar eit eksamensmangfald, avsluttar Solberg.

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 06.06.11 00:00 Oppdatert: 09.06.11 09:14
Vi anbefaler