Greg Mortenson - frå Skavlan-studio til UiT

Pressemelding fra Universitetet i Tromsø.

Solbakk, Mona
Publisert: 06.10.10 10:40 Oppdatert: 06.10.10 10:48

Norskamerikanaren Greg Mortenson kommer rett frå Skavlans tv-studio til Universitetet i Tromsø, fredag 8. oktober.

 

Greg Mortenson (Bredde: 560px)
Greg Mortenson med skuleborn frå eit av skuleprosjekta i fjellområda.

Greg Mortenson, med røtter frå Djupvik i Olderdalen, vart nominert til Nobels fredsspris og vitjar fredag 8. oktober Senter for fredsstudiar ved Universitetet i Tromsø. September i år kom boka om Greg Mortenson, ”Tre kopper te” skrevet av David O. Relin på norsk. Boka handlar om korleis eit mål om å klatre verdas farlegaste fjell, K2, vart til eit mål om å skapa fred i verda. Greg Mortensen kjem til UIT for å fortelja om ein manns innsats til å skapa fred, gjennom å byggja skular.

UiT inviterer pressen til å møte Greg Mortenson:

Tid:      kl. 10.50 – rett før offentleggjeringa av årets Nobels fredsprisvinnar
Sted:   Senter for fredsstudiar (Nedre Lysthus, UiT)  

Etter eit mislykka forsøk i 1993 på å nå K2 vakla den utmatta fjellklatraren Greg Mortenson inn i landsbyen Karakoram i Pakistan. Etter å ha blitt pleia av landsbyens befolkning fekk han tilbake livet og helsa. Då han kom seg så pass at han kunne gå rundt i landsbyen fekk han sjå dei dårlege forholda borna levde under. Han lova dei å komma tilbake og byggja ein skule. No har det blitt 145 skular for jenter og gutar i dei Taliban-dominerte fjellområda i Pakistan og Afghanistan. 64.000 born har fått lært å lesa og skriva.

Gir delar av inntektene til UiT
I forbinding med lanseringa av bestseljar boka ”Tre kopper te” på norsk ynskjar Kåfjordingen Greg Mortenson å gi delar av inntektene til Senter for fredsstudiar ved Universitetet i Tromsø. Greg Mortenson hevdar at utdanning av spesielt jenter er den viktigaste bidragsytaren til å skape fred i verda.

Åpent foredrag
UiT ynskjar velkommen til åpent foredrag ved Greg Mortenson:

”Promoting Peace with Schools, not bombs, in Afghanistan and Pakistan” 

Tid:     Fredag 8. oktober, kl. 13.15 – 14.15
Sted:   Auditorium 2, Teorifagbygget - Hus 1, UiT.

Kontaktperson:
Kontorsjef ved Fredssenteret, Elisabeth Sandersen, tlf: 938 31 538.

Solbakk, Mona
Publisert: 06.10.10 10:40 Oppdatert: 06.10.10 10:48
Vi anbefaler