Korleis fortolkar sørsamar landskapet dei bur i?

Med avhandlinga Bissie dajve. Relasjoner mellom folk og landskap i Voengel-Njaarke sïjte, gir Jorunn Ludviksen Jernsletten oss eit nytt innblikk i korleis sørsamane ser på og fortolkar landskapet dei lever i. Forsking på sør-samiske forhold er ikkje kvardagskost, og avhandlinga bruker eit  hermeneutisk perspektiv på identitet og landskapstolkning. Jernsletten ser særleg på om sørsamane sine relasjoner til landskapet er knytt til religiøse fortolkningsrammer.

Aas, Steinar
Publisert: 09.06.10 00:00 Oppdatert: 17.06.10 09:13

Ei viktig bærebjelke i sørsamar si sjølvforståing er, ifølgje Jernsletten sine informantar, forholdet til landskapet som slektningane deira har livnært seg i. Formålet med doktorgradsprosjektet har vore å analysere grundigare om forholdet deira til landskapet har vore knytt til ei religiøs forståing. Korleis kjem tilhøvet til omgjevnaden til uttrykk? På kva vis har landskapet prega sjølvforståinga deira? Kva forhold har dei til tradisjonar som usynlege skikkelsar og korleis ein skal forholde seg til desse? Analysa er basert på eiget feltarbeid og intervju, samt skriftlege skildringar frå 1800- og 1900-talet. Geografisk er hovudvekta lagt på Voengel-Njaarke sïjte (Kappfjell/Bindal reinbeitedistrikt) heilt sør i Nordland fylke.

Jorunn L. Jernsletten er fødd 1971 i Tromsø og har utdanninga si frå Universitetet i Tromsø. Ho har forska på sørsamiske miljø, innafor tema som samisk religion, natursyn, kristendom og teologi. Ho er tilsett som forstelektor ved Kirkelig utdanningssenter i nord.


Forsvar av avhandling
Jorunn Ludviksen Jernsletten held prøveforelesing for ph.d. -graden i religionshistorie tysdag 15. juni på rom B-1005, Auditoriet på HSL-fakultetet kl. 10.15-11.00 over dette emnet:Redegjør for samisk forskning i en internasjonal kontekst, med særlig fokus på urfolksdimensjonen og religionsvitenskapelige tilnærminger. Disputasen blir umiddelbart etterpå. Der vil doktoranden offentleg forsvare for ph.d. -graden avhandlinga: Bissie dajve. Relasjoner mellom folk og landskap i Voengel-Njaarke sïjte.

Aas, Steinar
Publisert: 09.06.10 00:00 Oppdatert: 17.06.10 09:13
Vi anbefaler