Rekord for doktorgrader
![]() |
| Åshild Odden Miland var blant dei 36 som tok doktorgrad ved Det medisinske fakultet i 2008. Ho er blant svært få i verda som har doktorgrad på medisinsk bruk av varmekamera. Foto: James Mercer. |
Også 2007 var eit år det blei satt nye rekordar, med 35 doktorgrader ved fakultetet og 100 ved Universitetet. Før dette var fakultetet sin rekord frå 2004 da det blei avlagt 29 doktorgrader.
Det medisinske fakultet er det fakultetet som produserer flest doktorgrader ved UiT. Slik har det vore alle år sidan me fekk fakultetsstruktur i 1997. Før den tid var det Fagområdet medisin som hadde flest disputasar stort sett kvart år heilt sida UiT blei oppretta. Likevel er det ikkje nokon grunn til å slå seg på brystet og kvile på laurbæra, meiner Ståle Liljedal, leiar for Seksjon for forskingstenester ved Med.fak.
Burde vore fleire
- Me hadde forventa langt fleire doktorgrader i 2008 enn 36. Prognosen for heile året var sett til 57 på grunnlag av ei gjennomsnittleg gjennomføringstid på fem år. Det gir grunn for bekymring at av dei aktive doktorgradsstudentane på fakultetet er det meir enn 60 som skulle ha vore ferdig i 2008 eller tidligare. Mange skulle ha vore ferdig for fleire år sia, fortel Liljedal.
Det såg særs lovande ut tidleg i fjor, sidan det var 29 personar som disputerte i løpet av våren, men mange av dei som hadde planlagt å disputere i haust, rakk det ikkje. Me får kanskje ei opphoping i 2009 på grunn av dette, forklarer Liljedal.
Eit spark bak
At talet på doktorgrader ved fakultetet har auka dei siste åra, er eit uomtvisteleg faktum. Ei av forklaringane er at dei gamle doktorgradene er blitt fasa ut til fordel for PhD. Siste dato for å få tildelt gammal grad, var 30. juni 2008. Dette har gitt ei viss effekt i og med at ein del av dei som var tatt opp på gammalt doktorgradsprogram, fekk eit ekstra spark bak for å gjere ferdig doktorgraden sin. Ein del av dei gamle studentane har likevel valt å søkje om overgang til PhD.
Kortare gjennomføringstid
Ei anna forklaring, er at gjennomsnittstida brukt per doktorgrad, går ned. Dette kan dels skuldast betre system for oppfølging av studentane frå UiT si side, og dels at kvantitetskrava er blitt endra ved overgangen til PhD-grad. For mange fag, inkludert medisin, har til dømes kravet til talet på artiklar blitt senka frå minimum fire til minimum tre.
Fleire studentar
Ei tredje delforklaring som truleg også er den viktigaste grunnen til at talet på doktorgradsstudentar har auka dei siste åra, er at talet på doktorgradsavtaler har auka. Hausten 2002 hadde fakultetet 142 doktorgradsavtalar, medan talet no er meir enn 250. Tilsvarande har talet på doktorgradsavtalar for heile UiT auka frå 443 i 2002 til 630 i 2007, og no er talet enda høgare.
Ståle Liljedal ser lyst på framtida når det gjeld vidare utvikling for forsking og nye doktorgrader ved fakultetet.
Forventar auke
- Me tar opp nye studentar som aldri før og har gjort mange grep for å få studentane gjennom på normert tid. I tillegg vil fusjonen gi oss fleire fagmiljø og med det fleire doktorgrader. Kanskje vil fusjonen også gi ekstra utteljing fordi forsking på tvers og nye impulsar vil kunne stimulere til fleire forskingsprosjekt, inkludert fleire doktorgradsprosjekt. Derfor forventar me at talet på disputasar vil auke i åra framover, seier han.
Seksjon for forskingstenester har prøvd å anslå kor mange som vil ta doktorgrad ved fakultetet dei neste tre åra. Med eit snitt på fem år i gjennomføringstid, har seksjonen tru på at det vil bli 41 doktorgrader i 2009, 55 i 2010 og 61 i 2011.
Disputasar fordelt etter fakultet 2008:
Det humanistiske fakultet: 5
Det samfunnsvitskaplege fakultet: 29
Det juridiske fakultet: 3
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet: 15
Det medisinske fakultet: 36
Noregs fiskerihøgskole: 16
Totalt: 104
Disputasar ved Det medisinske fakultet dei siste 10 åra:
År | Antall |
|
|
2008 | 36 |
2007 | 35 |
2006 | 20 |
2005 | 25 |
2004 | 29 |
2003 | 20 |
2002 | 17 |
2001 | 22 |
2000 | 25 |
1999 | 15 |
Fordelt etter institutt/einingar 2008, Det medisinske fakultet:
IKM: 17
IMB: 10
ISM: 5
IFA: 3
IKO: 0
Fakultetet: 1
Fordelt etter type grad 2008, Det medisinske fakultet
PhD: 22
Dr.med: 6
Dr.scient: 6
Dr.philos: 2
Kjelder:
DBH og UiT
Les meir:
Ny doktorrekord ved UiT
Oversikt - alle som tok doktorgrad ved Med.fak. i 2008




