Vi gjør oppmerksom på at denne artikkelen er over to år gammel, og kan ha innhold som er utdatert.
– Det er litt artig å vere først ute. Eg ser at ein del andre barnehagelærarutdanningar i Norge også går denne vegen – dei ønskjer å få eit enda tettare samarbeid med enkelte barnehagar. Den nye avtalen går ut på arbeid knytt til forsking og utvikling, utvikling av barnehagar, utvikling av praksisfeltet og utvikling av barnehagelærarutdanninga, seier han.
Under markeringa onsdag gratulerte Røymo og UiT-rektor Anne Husebekk barnehagane med å ha vorte universitetsbarnehagar. Husebekk nytta òg høvet til å komme med eit ønskje:
– Barnehagar er den einaste utdanningsinstitusjonen i Norge som ikkje er gratis. Det skulle eg ønske at den var, så da har kommunestyret noko å jobbe med, sa ho med eit smil frå talarstolen.
Tine Skogstad Dale (5) frå Reinen barnehage gjekk i front i Lucia-toget.
– Eg vart litt redd da eg kom inn, for det var veldig mange menneske der. Men når vi begynte å synge gikk det bra, da var det litt morosamt, fortel ho, medan ho og resten av barnehagebarna gomlar på lussekattar.
– Ja, det var gøy å synge for politikarane. Men det beste med Luciadagen er å ete lussekattar og drikke saft, seier Embla Ekroll Kartfjord (5).
LUNSJ PÅ RÅDHUSET: Etter synginga fekk barna lussekattar i kantina på rådhuset. Det falt i smak hos Embla Ekroll Kartfjord (5) og Tine Skogstad Dale (5) frå Reinen barnehage. Foto: Mathilde Torsøe
- Treng fleire faglærte
Tromsø kommune og UiT har i fleire år hatt eit vellykka samarbeid om universitetsskular i grunnskulen.Det nye samarbeidsprosjektet er fireårig.
– Vi gler oss til å starte eit spanande samarbeid med kommunen om utvikling av barnehagefeltet og barnehagelærarutdnanninga, seier Habbestad.
Han seier avtalen truleg vil innebere at fleire fagfolk vert knytt til universitetsbarnehagane, og at UiT eksempelvis vil prøve ut ulike praksisformar i barnehagane før dei vert rulla ut i større skala.
13 barnehagar søkte om å bli med i prosjektet. Ei ekstern arbeidsgruppe vurderte søknadane og valte ut seks av dei. Anita Nergaard i Reinen barnehage er svært glad for at dei kom med.
– Vi er litt spente på kva det å vere universitetsbarnehage vil innebere, men det vil nok innebere eit tettare samarbeid om barnehagelærarutdanninga. Vi er kjempeglade for at vi får vere med¨å påverka denne utdanninga. Eg håper vi kan lære masse av universitetet, og at dei kan komme til oss og bidra ute i barnehagane i større grad, sier ho, som meiner det er svært viktig å ha nok barnehagelærarar i barnehagane:
– Dette er ein arbeidsplass med ein del ufaglærte, og vi treng fleire faglærte. Tida i barnehagen er så viktig – personalet treng nok utdanning.