Brukar parkeringspengar på syklar

– Vi tek til her ved naturfagbygget, seier direktør i Avdeling for bygg og eigedom (BEA), Erland Loso.
Han står ved sida av det som snart skal bli 40 splitter nye sykkelparkeringar med overbygg og varme i bakken. Solen er støypt tidlegare, no skal resten av skuret byggjast.
– Planen er at vi skal byggje nye overbygde sykkelskur over heile universitetsområdet, med plass til totalt 300 syklar, seier Loso.
I tillegg kjem det på sikt 200 sykkelplassar knytt til det nye MH2-bygget og 40 i samband med det nye biologibygget.

To sørvisstativ
Sidan UiT innførde parkeringsavgift på universitetsområdet i Tromsø hausten 2015, har det komme inn vel seks millionar kroner. Av desse skal det brukast ein god del på å ruste opp sykkelparkeringa. Alle plassane skal vere overbygde, og nokre blir truleg adgangskontrollerte. I tillegg skal det etter vinteren leggjast finare masse på sykkelstien mellom den nye Handelshøgskolen i Breivang og resten av universitetsområdet.
– Då vil vegen bli betre å sykle på, seier Loso.
Les også: Universitetsbrua er opna
Det vert dessutan planlagt ein ski- og sykkelveg på oversida av MH2-bygget når det står klart, samt eit eige stativ for ski og syklar utanfor treningssenteret Kraft, som no blir utvida.
I løpet av sommaren blir det også kjøpt inn og utplassert to sørvisstativ sentralt på universitetsområdet, med luftpumpe og de viktigaste verktøya ein treng til enkle reparasjonar av syklar.

Sykle til jobben
BEA har også gitt 200 000 kroner til bedriftsidrettslaget ved UiT. Ein del av dei går til premiar i den årlege Sykle til jobben-aksjonen. Resten er brukt til å kjøpe inn el-syklar som kan lånast av tilsette.
Les mer om utlånsordninga her!

Sjølv om føremålet med parkeringsavgifta var å få færre til å velje bilen til jobb og studiar, har det den siste tida vore veldig fullt på alle parkeringsplassane på universitetsområdet. Årsaka er at fleire parkeringsplassar er mellombels fjerna på grunn av byggeverksemd. Dette er i følgje Erland Loso i tråd med prognosane som BEA tidligare har fått laga.
– Vi har no det lågaste talet parkeringsplassar, og denne situasjonen vil vare fram til hausten. Det blir betre etter at Biologibygget står ferdig, seier Loso.
Les også: Færre veljer bilen
Han vedgår også at nokre av vegane på universitetsområdet har for dårleg standard etter vinteren, med fleire hol og mykje grus.
– Vi tek til å koste denne veka, og skal tette hola når asfaltverka startar opp, så vi kan bruke varm asfalt, sier Loso.
Les også: Avgiftsparkering gir miljøeffekt


