Steril laks – umoden på fleire område
Kan bruk av steril laks slå begge veier for norsk oppdrettsnæring? Svaret er hverken sikkert eller entydig, går det fram av fiskerikandidat Terje Antero Olsens masteroppgave. Foto: Gunnar Grytås |
Utfordringane ved «Triploid laks – produktegenskaper og omdømmeperspektiver» blir no drøfta i masteroppgåve i fiskeri- og havbruksvitenskap som Terje Antero Olsen frå Havøysund forsvarte ved Norges Fiskerihøgskule 8. juni. Ein av konklusjonane hans er at bruk av steril laks kan slå positivt ut for omdømet til norsk laks og næringa som produserer den, men at det også kan vere forhold som slår ut i motsett retning. Her handlar det om større risiko for deformitet og redusert syns- og luktesans enn hos kjønnsmodne slektningar.
Næring under press
Næringa har i fleire år blitt sett under press for å bruke steril fisk i produksjonen av laks. Både miljøorganisasjonar, elveeigarar og mange andre meiner at dette er nødvendig for å hindre at rømt fisk blandar seg med villaksen og fører til genetisk innblanding.
Så langt er Norway Royal Salmon det einaste av dei større, norske lakseselskapa som har gått offentleg ut og sagt at dei vil gå over til steril fisk. Dei andre er langt meir usikre, men framleis er det stor interesse for spørsmålet. Difor vil oppgåva til Olsen bli presentert på Aqua Nor-messa i Trondheim i sommar.
Deformitet og «organflokar»
Å sterilisere laksen skjer relativt enkelt ved å utsetje befrukta egg for trykk slik at individa blir triploide med tre sett kromoson i staden for to (diploide). Men forsøka viser også at steril laks blir meir utsett for defomert ryggrad, kjeve og gjellar, utviklar grå stær og i større grad har indre organ som veks saman. Nokre av desse skadene kan reduserast med auka bruk av fosfor og histidin i foret. Sjøl om forskninga ikkje er eintydig, ser det også ut til å vere eit gjennomgåande trekk at triploid laks ha lågare overleving, og at den er mindre robust for endra produksjonsvilkår, ikkje minst i temperatur.
Dyrevelferd til vurdering
Ein viktig konklusjon i oppgåva er at dei endelege svara som oppdrettarane ikkje har fått er avhengig av meir forskning, ikkje minst rundt problemet med deformitet. Så lenge dette ikkje kan reduserast kan omdømet til laksen og laksenæringa påverkast negativt. Dette er eit spørsmål om dyrevelferd som ikkje berre forbrukarane, men også Mattilsynet og Havforskningsinstituttet er opptekne av. Dei har spørsmålet om produksjon av triploid laks til vurdering, men hadde per 15. mai 2015 ikkje konkludert på om dette er ein velferdsmessig forsvarleg måte å produsere på.
Betalar det seg?
Produksjon av «triploid mat» er slett ikkje nytt. Steinfrie druer er eit slikt produkt. I Frankrike og Tasmania blir det produsert ørret og laks med sterilisert fisk, men her handlar det om å produsere fisk som er større enn den normalt blir etter kjønnsmodninga. For norsk laksenæring er ikkje dette poenget, men å bidra til å løyse eit miljøproblem knytta til rømming og genetisk blanding.
Terje Antero Olsen si forskning viser at dei fleste aktørane i næringa framleis sit på gjerdet fordi dei er i tvil om triploid laks vil betale seg i form av betre omdøme. Her er dei på linje med så ulike aktørar utanfor næringa som WWF Norge, Norske Lakseelver og Coop Norge, går det fram av masteroppgåva hans.