Fredagsøl og sesongkviss!

Det er nytt år, nye moglegheiter til å trene og gjera gode gjerningar – og ikkje minst ny sjanse til å bli med på HSL-fredagsøl (eller fredags-nokoanna).

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 24.01.14 00:00 Oppdatert: 24.01.14 14:07

Hordene står i kø for sesongens første kviss!

Fredag 31. januar møtest me i Bazinga kl 1546. Der har dei reservert bord til oss, god palss, mat og drykk. Og sånn i kvart over firetida er det klart for Frode&Sigruns sesongkviss! Utpå kvelden kjem sikkert nokre av oss til å reise vidare til byen.

Kom, kom, kom – om du berre har tid til ein kopp kaffi før du må heim, om du tek sikte på å knuse til i kvissen før du må heim, om du kan gjera ein innsats fram til familiefredagstacoen og Quizdan – eller om du rett og slett ryddar plass til ein heilaften.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 24.01.14 00:00 Oppdatert: 24.01.14 14:07
Vi anbefaler