Ny utstilling: Mytene rundt Nansen

Universitetsbiblioteket opna tysdag den andre Nansen-utstillinga si i Nansen-Amundsen-året. Denne gongen er det alle mytene rundt denne mangfaldige mannen som er i søkelyset.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.10.11 00:00 Oppdatert: 11.10.11 17:47

Til utstillingsopninga hadde UB invitert tre forskarar til å koma med ulike inngangar til Nansen; Hennign Howlid Wærp snakka om forfattaren Nansen, Randi Rønning Balsvik om humanisten Nansen og Harald Dag Jølle om helten Nansen.

2HenningHW&Nansen (640x543).jpg
Henning Howlid Wærp snakka om forfattaren Nansen.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Forfattaren

- Om Nansen hadde levd i dag, ville mykje av litteraturen hans kunne bli karakterisert som "nature writing". Det er ikkje fiksjon, men dokumentarisk og ein svært personleg essayistikk, sa Wærp, og trekte liner frå Nansen fram mot djupøkologien til Arne Næss.

Nansen kjøpte i 1899 stølseigedomen Sørkje i Rollag i Numedal. Wærp fortalde om oldefaren, Rasmus Howlid, som hadde stått i spissen for eit folketog av bygdefolk opp til Sørkje for å synge for Nansen då han kom. Sørkje var ein stad Nansen skreiv både på og i frå. Mellom anna er to av forteljingane i Friluftsliv (1916) lagt til Sørkje, og i Gjennem Sibirien (1914) refererer han stadig til likskapar han finn mellom Irkutsk og Numedal - og korleis Sørkje var eit sentrum for ro i Nansens omreisande liv og den lyse motpolen til alt det triste og mørke.

RandiRB&Nansen (640x551).jpg
Randi Rønning Balsvik snakka om humanisten Nansen.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Humanisten

- Jeg har returnert fra skyggenes dal, skreiv Nansen, då han i 1921 hadde reist rundt i Russland og erfart den enorme svoltkatastrofen som ramma landet.

- I etterdønningane etter første verdskrigen vart Nansen slite mellom vitskap og humanisme, og han valde det siste ved å bruke resten av livet sitt på hjelpearbeid, sa Randi Rønning Balsvik.

- Nansen løfta menneskerettsspørsmål opp og fram, og han fann lindring i menneskekjærleiken. Den einaste redninga han såg for sivilisasjonen vår var nestekjærleikens atterføding. Han vart ofte skulda for å vera naiv og urealistisk politisk, men det var hans store evne til innleving og medkjensle, saman med den praktiske kunnskapen frå alle ekspedisjonane, som gjorde at han redda fleire millionar naudlidande menneske i Russland og Armenia.

- Som Carl von Ossietzky skreiv i eit minneord i ei tysk avis då Nansen døydde i 1930: "Han var humanitetens praktiske geni".

Helten

Då Nansen kom heim frå skituren over Grønland i 1889 var mottakinga enorm - folk jubla og flagga og betalte billettar i dyre domar for å få eit glimt av den nye nasjonalhelten. Knut Hamsun var svært kritisk og meinte at i det nye "Nansen-året" har "Nordmændene nu fremvist Billedet af et Folk i Henrykkelse; vi har i to Uger saa at sige været Bergensere allesammen." Men det vart ikkje mindre jubel etter heimkomsten frå strabasane i Polhavet i 1896.

- I Tromsø snudde dei sørgåande hurtigrute då meldinga kom om at Fram hadde nådd Skjervøy, fylte ho med 600 passasjerar og Afholdsforeningens Musikkorps og køyrde Fram i møte. Det vart ei sigersferd sørover, og denne gongen var det verkeleg heile nasjonen som fekk og tok del i feiringa, fortel Harald Dag Jølle.

Etter dette vart Nansen også ein internasjonal kjendis - som ikkje fekk gå i fred i dei europeiske storbyane. På føredragsturne i USA i 1897 hadde han kontrakt på 100 føredrag og tente tilsvarande ei årleg professorløn - kvar kveld.

- Det var mange grunnar til at Nansen vart ein så stor folkehelt i Noreg, seier Jølle, - men etter heimkomsten i 1896 var det mange som viste til motet. Det gjorde mellom anna litteraturvitar Gerhard Gran, som sa at ferda hadde vore ein "Daad som samler alle i den frugtbareste af alle menneskelige Følelser: Beundring".

Nansen&rektor (640x397).jpg
Harald Dag Jølle frå Norsk Polarinstitutt (to frå venstre) snakka om helten Nansen - for ein interessert universitetsrektor Jarle Aarbakke (t.h.). Randi Rønning Balsvik (t.v.) og Terje Brundtland (to frå høgre). Foto: Sigrun Høgetveit Berg.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.10.11 00:00 Oppdatert: 11.10.11 17:47
Vi anbefaler