Nasjonalt lærarutdanningsutval til Tromsø

Lærarutdanninga for trinn 8 til 13 skal no få sin nasjonale rammeplan. Utvalsarbeidet blir koordinert frå Tromsø under leiing av prodekan Hans-Kristian Hernes ved HSL-fakultetet.

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 03.06.11 09:10 Oppdatert: 03.06.11 12:23

Rammeplanane for både trinn 1 til 7 og trinn 5 til 10 er ferdige, og førskulelærarutdanninga har også snart klar sin plan. Arbeidet med den integrerte lektorutdanninga, adjunktutdanninga og PPU [praktisk-pedagogisk utdanning] blir gjort av eit breitt samansett nasjonalt utval og skal vera ferdig 1. juni neste år. Rammeplanen skal gjelde for studentar som startar hausten 2013. Sekretariatsleiar Julia Holte Sempler fortel at det er første gong eit slikt utval er lagt til Tromsø.

Anerkjenning av UiT sitt lærarutdanningsarbeid

Universitetet i Tromsø har dei siste åra arbeidd mykje med lærarutdanningane og er i mange samanhengar ein pioner innanfor feltet. Først og fremst med Pilot i nord, den nye lærarutdanninga som er eit resultat av samanslåinga mellom Høgskulen og Universitetet. I det seinare er også leiarutdanninga for barnehagestyrarar og samarbeidsprosjektet med Tromsø kommune om seks universitetsskular viktige bitar i UiT sitt arbeid med å heve kvaliteten i utdanninga og statusen til læraryrket.

- At utvalet vart lagt hit er ei anerkjenning av Universitetet i Tromsø. Departementet har nok merka seg den store satsinga dei siste åra, seier Sempler.

Julia&HK2.jpg
Julia Holte Sempler og Hans-Kristian Hernes

Stort engasjement rundt innhaldet i utdanninga

Både Sempler og utvalsleiar Hans-Kristian Hernes gler seg til arbeidet.

- Det blir krevjande, men det er utruleg stor interesse og mykje engasjement i lærarutdanningsmiljøa. Dette er jo nytt - det finst ingen rammeplan for heile denne utdannninga. PPU har ein plan frå 2003, men utdanninga har svært ulikt innhald rundt om på institusjonane. Og ambisjonen vår er å få til ein rammeplan som styrer meir i tråd med det nye kvalifikasjonsrammeverket, fortel Hernes, som legg til at det heilt klart er ope for nye rundar om korleis fordelinga mellom fag, pedagogikk og didaktikk i lærarutdanninga skal vera.

- Dei største kampane blir nok å stå om fordelinga av dette innhaldet. For kva er innhaldet av til dømes PPU i dag? Er det eit masterstudium eller ikkje? Kva slags konsekvensar har i så fall det for dei krav me kan stille til læringsmiljø og fagleg utbyte?

Korleis skapa integrasjon og formulere læringsutbyte?

Ei anna utfordring for utvalet blir å finne ut korleis ein skapar verkeleg integrasjon i den integrerte lektorutdanninga.

- For korleis blir det ei lærarutdanning? Det må vera eit slags felles fundament for dei tre utdanningane for trinn 1 til 7, 5 til 10 og 8 til 13 som gjer at ein kjenner dei att som lærarutdanningar. Kva er det som skal vera felles, og kva er det som skal skilja dei frå kvarandre, spør Sempler.

- Me må veta kva det er me autoriserer når me utdannar lærarar, for til sjuande og sist er det skuleeigaren som skal tilsetja ein person, som bestemmer kven han eller ho vil ha. Både for oss som tilbyr utdanning og for studentar er det difor viktigat me kan formulere tydeleg kva læringsutbytet skal vera, avsluttar Hernes.

Lenke til Rammeplanutvalet sine heimesider finn du her.

 

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 03.06.11 09:10 Oppdatert: 03.06.11 12:23
Vi anbefaler