Delte ut 66,8 millionar kroner

Idretten prega årsmarkeringa til TFS, men også unge lovande forskingleiarar fekk moglegheita til å skinne.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 13.11.19 15:00 Oppdatert: 30.12.19 15:00
Tromsø

Tone Huse, James McCutcheon og Audun Theodorsen mottok sine Starting Grant under dagens årsmarkering med TFS
Tone Huse, James McCutcheon og Audun Theodorsen tok imot sine Starting Grant under dagens årsmarkering med TFS. Foto: Jonatan Ottesen

Tromsø forskningstiftelse (TFS) hold kvart år ei markering for tildeling av forskingsmidlar. Stiftelsen blei i si tid oppretta av Trond Mohn, og bidreg kvart år med millionar til forsking i Tromsø.

34,4 millionar til unge lovande forskarar

Kvart år deler TFS ut midlar som Starting Grant til unge lovande forskingsleiarar. I år var det Audun Theodorsen, Tone Huse og James Edgar McCutcheon som fekk stipend.

Theodorsen, som har master- og doktorgrad i fusjonsenergi og plasmafysikk, fekk støtte på 12 millionar kroner til prosjektet «Intermittent fluctuations in physical systems». Eit prosjekt som studerer dei plutselege og store svingingane i fysiske system.

– Målet er å utvikla ein modell til å bli eit  universelt verktøy i forsking på store fluktasjonar, eller svingingar om du vil. Dei utvalde bruksområda innan berekraftig energi, rom- og atomfysikk og klimaforsking har stor samfunnsmessig relevans, seier Theodorsen.

Han meiner det er spanande å ha fått stipendet, og sett pris på tillita frå TFS.

– Eg trur på at prosjektet kan gje eit viktig bidrag til fleire fagområdar innan energi, klima og romforsking. Med denne tildelinga kan eg leggje premissane for eigen forsking framover, seier han.

Kva med Grønland?  

Ein av dei andre som i år blei tildelt Starting grant, er Tone Huse og prosjektet «Urban tranformation in a warming arctic (URBTRANS)». Målet med prosjektet er å finne ut korleis borgerane og øvrigheita i Grønland si hovudstat Nuuk, møter endringane som komer av den globale oppvarminga.

– På grunn ta klimaendringane er heile den arktiske regionen under stor endring, ikkje minst Grønland. I prosjektet vil vi studera utviklinga av Nuuk, frå 1950 og fram til i dag. Byen blei etablert då Grønland var ein dansk koloni, i dag er Nuuk det politiske hovudsetet i Grønland. Det vil gi oss ein unik inngang til å studera korleis arktiske lokalsamfunn imøtegår dei endringane som pregar regionen, men også korleis den nordiske kolonialismen har prega og fortsatt pregar samfunnet, seier Huse.

Tone Huse, Audun Theodorsen og James McCutcheon på scenen under årsmarkeringen til TFS
Tone Huse, Audun Theodorsen og James McCutcheon under årsmarkeringa til TFS. Foto: Jonatan Ottesen

I tillegg blei James McCutcheon tildelt 10,4 millionar kronar for prosjektet «PROTEST: Testing a neural basis for protein».

– Eg håpar forskinga vil hjelpe oss å forstå korleis appetitt blir generert. Spesielt korleis protein i mat heng saman med hjernen. No kan eg opne ny lab her på universitetet, det gled eg meg til, seier han.

Kvinneidrett på dagsorden 

Svein Arne Pettersen og Boye Welde
Forskningsleiar i Senter for kvinnefotball, Svein Arne Pettersen, og forskningsleiar i FENDURA, Boye Welde. Foto: Jonatan Ottesen

Det som likevel sitt igjen som den store snakkisen er Senter for kvinnefotball (Female football center) og FENDURA. Begge tildelingane blei offentleggjort tidlegare i haust, og dei skal forske på kvinnelege fotballspelarar og skiløparar. Senter for kvinnefotball fekk 21 millionar kroner av TFS, medan FENDURA fekk 11,2 millionar kroner.

I den forbindelse blei det arrangert ein samtale mellom elitedirektør i Noregs fotballforbund og tidlegare fotballspelar, Lise Klaveness og tidlegare langrennsløpar og olympisk mester Bente Skari. Framfor dei mange frammøtte diskuterte dei «Kjønnsspesifikk idrettsforsking – kvifor det?».

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 13.11.19 15:00 Oppdatert: 30.12.19 15:00
Tromsø
Vi anbefaler