Framtidas kraftverk er virtuelle
Elektrisitet er blitt ein viktig og kritisk del av det moderne samfunnet. Tradisjonelt har elektrisitet blitt produsert i store kraftverk og overført til sluttbrukar gjennom høgspentlinjer og kablar i luft og jord.
Med det auka fokuset på fornybar energi er det blitt meir aktuelt med nye energikjelder, slik som vind og sol. Med solceller på hustaket eller vindturbin i hagen, kan deler av elektrisiteten produserast lokalt.
Meir sjølforsynte
– I «Arctic Energy»-prosjektet ser UiT mellom anna på korleis ny teknologi kan gjera områder meir sjølvforsynte med fornybar elektrisitet, fortel førsteamanuensis Bjarte Hoff ved institutt for elektroteknologi ved UiTs fakultet for ingeniørvitskap og teknologi.
Virtuelle kraftverk er eit slik konsept der elektrisk produksjon, forbruk og energilagring i eit område blir sentralt styrt. Her er alle inkludert, alt frå store til små produsentar/forbrukarar. Ved å til dømes kople saman mange små solcellepanel og varmtvannsberedera i eit virtuelt kraftverk, kan ein opptre på lik linje med ein stor aktør i kraftnettet. "Som kjent gir mange bekkar små ein stor å".
Alle blir i framtida del av eit virtuelt kraftverk, der alle bidrar litt til det lokale kraftnettet.
Sikrare og meir stabil straumforsyning
Virtuelle kraftverk kan gi fordeler som:
- Sikrare og meir stabil straumforsyning
- Auka sjølvforsyning
- Mange små produsentar kan delta i kraftmarknaden som ein stor aktør
Ved underskot på elektrisitet kan systemet kortvarig kopla ut forbruk slik som varmtvannsberedarar og ladestasjonar, utan at det er merkbart for forbrukarane. Ved overskot av elektrisitet kan den lagrast i batteri, varmvatn eller ved å lada opp el-bilar. Det gir både meir stabil straumforsyning og auka sjølvforsyning.
Fleksibelt forbruk er like verdifult som fleksibel produksjon
Teknologien er tilgjengelig
I Tyskland er det fleire døme på at private bustadar med takmonterte solceller sel produksjonen gjennom eit virtuelt kraftverk, i staden for å levera direkte til den lokale nettleverandøren. På den måten deltar ein i kraftmarknaden og kan oppnå betre prisar på den produserte elektrisiteten. Det betrar også balansen og stabiliteten i kraftnettet.
– I motsetning til mange andre teknologiar, er ikkje virtuelle kraftverk avhengig av store investeringar. Det er tilstrekkelig med ein liten boks (kontrolleining) hos kvar enkelt deltakar, som kommunisera med kontrollsenteret gjennom internett. Teknologien er moden og kommersielt tilgjengelig i dag, både som komplette nettbaserte løysingar og tilpassa med enkeltkomponentar, påpeker Bjarte Hoff.
Dette er Arctic Energy-prosjektet
Arctic Energy-prosjektet er finansiert gjennom Interreg Nord samt Nordland og Troms fylkeskommuner. På lang sikt vil prosjektet medverke til at småsamfunn i arktiske strok kan bli sjølforsynte med fornybar energi gjennom:
- Å utvikle og teste ein metode for simulering av sjølforsynt, karbonnøytral og fornybar energiproduksjon i arktiske strok.
- Å implementere simuleringsmetoden som eit verktøy for små- og mellomstore (SMB) bedrifter i prosjektområdet.
- Å bygge kompetansenettverk mellom SMBer og forsknings- og utviklingsaktører.
Prosjektet er eit samarbeid mellom lin Micropolis Oy, NORUT Narvik AS, UiT – Norges arktiske universitet, Luleå Tekniska Universitet, Lapland University of Applied Sciences og Centria University of Applied Sciences.