– UiT er sentral for kvensk språk

Statsråd Bjørnar Skjæran la i dag fram regjeringa si handlingsplan for kvensk språk. UiT vert ein sentral aktør i åra som kjem.

ein mann snakkar for eit publikum bak han ein glasvegg med utsikt til Tromsø
Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran la i dag fram handlingsplanen for kvensk språk på Tromsø bibliotek. Foto: Geir Bakkevoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 26.05.26 13:40 Oppdatert: 26.05.26 14:25
Om UiT Språk og litteratur

Då kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran la frem regjeringa si handlingsplan i Tromsø i dag, sa han at kvensk språk er i ein alvorleg situasjon.

–  Politikken hadde som mål å få folk til å byte språk frå kvensk til norsk. Det har gitt langvarige konsekvensar, sa han.

Statsråden peika på at det er få kvenske språkbrukarar igjen, og at kvensk i liten grad vert overført til yngre generasjonar. Det finst få arenaer der språket blir brukt aktivt og dermed gjort synleg i dag.

Kvensk på UiT

  • UiT Noregs arktiske universitet er det einaste universitetet i Noreg som tilbyr studium i kvensk og har eit etablert fagmiljø på området.
  • UiT har studium i kvensk og finsk språk, kultur og litteratur – med årsstudium i kvensk og bachelor- og mastergradsprogram i kvensk og finsk. UiT har òg doktorgradsstudium i tre fagretningar relevante for kvensk.
  • UiT arbeider med å utvikle eit enkeltemne på 10 studiepoeng i kvensk med start hausten 2026. Emnet vil kombinere fysiske samlingar med digital undervisning og språktrening.

Einaste kvenske studium er på UiT

UiT Noregs arktiske universitet er det einaste universitetet i Noreg som tilbyr studium i kvensk og har eit etablert fagmiljø på området. Det arbeidet ønskjer regjeringa å styrke:

– UiT er sentral når det gjeld det å ha moglegheita til å ta høgare utdanning innan kvensk. Vi ønskjer å forsterke arbeidet på alle område, og universitetet si rolle er jo særs viktig, seier han.

Utdanning og språkteknologi

Handlingsplanen til regjeringa har tre overordna innsatsområde:  å lære, å bruke og å utvikle kvensk språk. Særleg innan utdanning og språkteknologi vert UiT viktige.

I handlingsplanen finn ein nemleg mellom anna desse tiltaka:

  • Styrkje nasjonalt kompetansemiljø for kvensk språk og kultur
  • Setje i gang mentorordning for kvenske språkbrukarar
  • Styrkje arenaer for bruk av kvensk språk
  • Tilby enkeltemne i kvensk
  • Leggje til rette for at fleire studentar fullfører studium i kvensk
  • Styrkje arbeidet med kvensk språkteknologi

UiT samarbeider allereie med Kväänin institutti – Kvensk institutt om språkteknologi gjennom forskingsprosjekta Divvun og Giellatekno.

Mellom anna driv ein saman utvikling og vedlikehald av kvensk-norsk-kvensk ordbok, stavekontroll og kvensk korpus i nettportalen Borealium.

I samarbeid med Giellatekno og Divvun ved UiT planlegg Kväänin institutti å starte arbeidet med å utvikle taleteknologiske hjelpemiddel som talegjenkjenning og talesyntese på kvensk, i tillegg til tastatur i operativsystem og maskinomsetjing.

Støtte til samlingar

Ei erfaring ved UiT er at ein dessverre ser at nokre studentar ikkje fullfører studia i kvensk. Eit av tiltaka frå regjeringa no er å dekkje utgifter som studentane har når dei deltek på samlingar:

– Det er opp til aktørane sjølve korleis ein fagleg legg til rette for at fleire fullfører. Men det er viktig, for det er jo først når ein har fullført at ein faktisk har heile den kompetansen som ein skal ha, seier Skjæran.

Du kan lese heile Handlingsplan for kvensk språk 2026–2031 på regjeringen.no


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar