Canvas-leverandør har inngått avtale med trusselaktør

Instructure melder at dei har gjort ei avtale med dei kriminelle og at data stolen frå Canvas er sletta. UiT følgjer situasjonen tett.

logo canvas
Canvas er laga av amerikanske Instructure. Foto: Instructure
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 12.05.26 10:53 Oppdatert: 12.05.26 14:42
Om UiT

Ifølgje Instructure, som er leverandør av læringsplattforma Canvas, har dei fått bevis for at dataa er sletta. Gruppa som brot seg inn i Canvas har lova å ikkje leggje ut dataa.

Som tidlegare meldt, er trusselaktøren stengd ute frå Canvas, og systemet kan nyttast som vanleg på UiT.

I Noreg er det SIKT som er ansvarleg for avtala med Instructure. SIKT, UiT og andre lærestader i Noreg jobbar no saman for å få klarheit i situasjonen og vurdere om ein skal gjere ytterlegare tiltak. Ein slik avtale kan ikkje gje absolutte garantiar, og det vil alltid vere ein risiko for at dataa allereie er kopiert eller kan dukke opp på eit seinare tidspunkt.

Alt tyder likevel på at eventuelle data stolne frå UiT no er sletta og ikkje vil verte offentleggjort.

Les meir på sidene til SIKT og på UiT si tryggleiksside.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar