Noregs beste sykkelstativ finn du på UiT
Sykkelskapet i Breivika er kåra til Noregs beste sykkelstativ. No står oppgradering av fleire sykkelparkeringar for tur.
Utanfor Teorifagbygget, hus 2, i Breivika i Tromsø, står sykkelstativet som med rette kan kalle seg Noregs beste. Det vann nemleg fram i kåringa av Noregs beste sykkelstativ, blant meir enn 60 innsendte kandidatar.
– Vi synest det er veldig morosamt og positivt å få denne anerkjenninga, seier direktør Fredrik Juul Walløe ved Avdeling for bygg og eigedom.
Stativet lar deg reservere plass gjennom ein app, og låse sykkelen tørt og trygt i eit eige rom gjennom arbeids- eller studiedagen – heilt gratis.
Det er selskapet Bikeloop som står bak sykkelparkeringa, som har vore under utprøving det siste året.
Har oppgradert sykkelstativ etter folks behov
UiT kapra også andreplassen i konkurransen, med sykkelparkeringshuset i Midtparsellen ovanfor Øvre lysthus, også i Breivika.
Tilfeldig er det ikkje. UiT har nemleg oppgradert fleire sykkelhus det siste året, slik at stativa er meir brukarvennlege, og lar fleire parkere syklane sine trygt og tørt.
– Dei klimatiske forholda i Tromsø gjer at stadig fleire brukar elsyklar med kraftige dekk for å kunne sykle i all slags vêr, heile året. Vi ser også at fleire brukar større syklar, med plass til både barn og bagasje. Dette er vi glade for, forklarar campusplanleggar Sigurd Salberg Pedersen.

Fleire oppgraderingar, som eit sykkelparkeringshus, er også på veg, som ein del av eit større strategisk arbeid.
– Vi har fått mange tilbakemeldingar frå tilsette og studentar opp gjennom åra om at tilrettelegginga kunne vore betre. No har vi gjort ein god innsats på det, seier Pedersen, som også er glad for at arbeidet anerkjennast med kåringa Noregs beste sykkelstativ.
NTNU-forskar står bak idéen
Kåringa av Noregs beste sykkelstativ blei initiert av gang- og sykkelforskar Jarvis Susłowicz ved NTNU.
Ho er også styreleiar i Syklistforeininga Trondheim, og styremedlem i Syklistforeininga sitt landsstyre. Syklistforeininga har støtta konkurransen.
Juryen kåra også Noregs verste sykkelstativ, som blei eit sykkelstativ utanfor ein skole i Nesodden kommune.
Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon, Avdeling for bygg og eiendom






