Skal forska på kvitvasking i revisorbransjen

Elsa Solstad og Tine Degerstrøm Stenvold har fått 4,4 millionar kroner for å forska på kvitvasking i revisorbransjen.

Bildet er satt sammen av to bilder av to damer. De to damene skal i gang med forskningsprosjekt.
Tine Degerstrøm Stenvold og Elsa Solstad har fått midler til å forske på kvivasking Foto: Privat
Portrettbilde av Eriksen, Marielle
Eriksen, Marielle marielle.k.eriksen@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon og formidling
Publisert: 05.12.25 14:00 Oppdatert: 05.12.25 15:32
Arbeidsliv

Det er lett å kjenna på at ein som revisor hamnar mellom borken og veden når ein oppdagar noko som skurrar i rekneskapen. Alle mistenkjelege forhold skal rapporterast, men det kan vera vanskeleg å vita heilt nøyaktig når ein skal trykkja på den store, raude knappen med mistanke om kvitvasking og skattesnusk.

Det har professor Elsa Solstad og førsteamanuensis Tine Degerstrøm Stenvold lyst å gjera noko med. Dei er begge tilsette på Handelshøgskolen til UiT, høvesvis på campus Harstad og Tromsø.

Det er berre to år til den nye kvitvaskingslova trer i kraft. Og forsking på kvitvasking har vore etterspurd.

– Hovudmålet med forskinga vår er å avdekkja korleis revisorar enklare kan avdekkja kvitvasking. Gjennom forskinga har me eit ønske om å utvikla og implementera meir effektive metodar, verktøy og rutinar og samtidig leggja til rette for auka kompetansebygging i bransjen, forklarer Solstad og Degerstrøm Stenvold.

Forskingsprosjektet startar for fullt i januar og har ein 3 årig ramma. Allereie har Solstad og Degerstrøm Stenvold inngått samarbeid med dei større aktørane, Finanstilsynet, Økokrim og Skatteetaten. ES

Revisjon i Harstad er også ein viktig samarbeidspartnar ved at dei skal opna nettverket sitt i Nord-Noreg.

– Det er absolutt motiverande å ha desse viktige aktørane med oss og som me veit sit og heiar på forskingsprosjektet vårt, avsluttar Solstad og Degerstrøm Stenvold.

Den samla økonomiske ramma for prosjektet er 9 mill. kr., der også finansiering av ei stipendiatstilling ved UiT Handelshøgskolen inngår.


Kortnytt fra Handelshøgskolen ved UiT
Eriksen, Marielle marielle.k.eriksen@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon og formidling