Saman med Midt-Troms for betre samarbeid, vekst og utvikling

I dag har UiT signert ei samarbeidsavtale med Midt-Tromsrådet. Avtala skal styrke begge sin evne til å løyse samfunnsoppdraga og skape gjensidig positiv utvikling

To nøgde menn i dress tar kvarandre i handa og ser i kamera.
Martin Nymo (H), ordførar i Målselv kommune tek UiT-rektor i handa på vegerne av Midt-Tromsrådet. Foto: Rikke G- Gjærum / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 19.05.25 12:21 Oppdatert: 19.05.25 12:34
Om UiT

Midt-Tromsrådet er eit interkommunalt politisk råd sett saman av kommunane Bardu, Dyrøy, Lavangen, Målselv, Salangen, Senja og Sørreisa.

Midt-Troms er eit viktig område for UiT, der vi driv fleksibel utdanning, har studentar i praksis og samarbeider med Forsvaret. Med denne avtala skal vi saman styrke kvarandre si evne til å løyse samfunnsoppdraga våre og skape gjensidig positiv utvikling.

Samarbeidsavtala har desse konkrete delmåla:

  • Identifisere sentrale behov for kompetanse, utvikling og forsking i Midt-Troms.
  • Ivareta ein god dialog mellom UiTs leiing/fagmiljø og sentrale samfunns- og arbeidslivsaktørar i Midt-Troms.
  • Bidra til at innbyggjarane i Midt-Troms har ein stabil og langsiktig tilgang på relevante utdanningstilbod frå UiT.
  • Utvikle forskings- og utviklingsprosjekt gjennom samarbeid mellom regionalt arbeidsliv og UiT.

Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar