– Nytt universitetsmuseum er eit nasjonalt prosjekt

Senterpartileiar Trygve S. Vedum likte det han såg då han besøkte tomta for det framtidige museet i Tromsø. Han vil halde oppe trykket i prosessen.

Ei kvinne i gul jakke pekar og forklarar for ein mann med ryggen til kamera. Dei er utandørs.
Museumsdirektør Lena Aarekol forklarar kor museet skal kome. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 06.05.25 13:49 Oppdatert: 06.05.25 14:08
Om UiT

– Det er viktig for heile den nordlege landsdelen og faktisk heile Noreg at ein får eit godt universitetsmuseum her i Tromsø. Det er eit nasjonalt prosjekt å ta vare på kulturarven, sa Vedum i nordnorsk seinvintervêr i Tromsø.

Prosessen er klar for neste fase

Saman med lokale representantar for Senterpartiet fekk han presentert tomta der UiT sitt nye universitetsmuseum skal byggjast. Guidar var museumsdirektør Lena Aarekol og viserektor Rikke G. Gjærum.

– For oss er det viktig at det er politisk vilje til å gjennomføre eit slikt prosjekt. Så jo fleire vi har som presser på for å få det i gang, jo betre, seier Aarekol.

To lkvinner og to menn i samtale utandørs
– No må vi ha framdrift i prosjektet, seier Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Kjetil Rydland / UiT

– No har vi halde på sidan 2017, så det er viktig å kome over i neste fase, seier ho

Eit prosjekt for både by og land

Vedum understreka at eit nytt museum òg er eit viktig byutviklingsprosjekt for Tromsø.

– Eit museum med 200.000 besøkande vil òg styrkje næringslivet i Tromsø. Derfor er eg veldig glad for at vi landa det her, men no må vi og ha nok framdrift i prosjektet, seier Vedum.

– Det er godt å sjå at Vedum er oppteken av å halde trykket oppe, seier viserektor Rikke G. Gjærum.

– Vi må ikkje miste fart no, så vi tar alle gode signal vi kan få, seier ho.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon, Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag, Norges arktiske universitetsmuseum
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar