Eit fleksibelt utdanningstilbod
UiT tilbyr ei rekkje fleksible grunn- og vidareutdanningar og enkeltemne. Hald deg orientert om kva ved å abonnera på nyheitsbrevet vårt!
Nyheitsbrevet blir sendt ut fem gonger i året og informerer om fleksible grunnutdanningar, vidareutdanningar og enkeltemne som har søknadsfrist dei kommande månadene.
– Fleire av dei samlingsbaserte grunnutdanningane våre har opptak kvart 2. eller 3. år, og me har årlege endringar i eksempelvis kva vidareutdanningar og nettbaserte enkeltemne me tilbyr. Me ønskjer å nå moglege heil- og deltidsstudentar frå heile landsdelen som ønskjer å studera der dei bur og når dei vil, seier prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås.
Her kan du melda deg på nyheitsbrevet.
Om dei fleksible utdanningane:
- Grunnutdanningane kan vera samlings- eller nettbaserte bachelor- eller masterutdanningar som ein tek deltid eller heiltid.
- Vidareutdanningar er korte studiepoenggivande utdanningar tilrettelagde for deg som er i jobb og ønskjer eit fagleg påfyll.
- Enkeltemne er korte studiepoenggivande utdanningar som blir gjennomførte saman med studentar på ordinære gradsprogram.
Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
-
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjon og ledelse for offentlig sektor - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Fagdidaktikk for lærere - master
Varighet: 4 År -
Realfagskurs
Varighet: 1 Semestre -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Bevegelige bilder - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År