FF Helmer Hanssen har hatt ei grunnberøring

Forskingsskipet Helmer Hanssen hadde ei grunnberøring i farvatnet rundt Skjervøy under eit studenttokt 28. oktober 2022.

Eit skip med fjell og bre i bakgrunnen
FF Helmer Hanssen på Svalbard i 2016. Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 28.10.22 15:02 Oppdatert: 28.10.22 15:11
Om UiT

Ein dykkar frå Redningsselskapet har inspisert båten og tetta ein 10 cm lang sprekk i skroget. Det har ikkje vore utslepp frå skipet, og ho tok heller ikkje inn vatn.

FF Helmer Hanssen vil halde fram til Tromsø for eiga maskin, før ho dreg til Svolvær for eit tidlegare planlagt verkstadsopphald.

Det er ikkje meldt om personskade. Det var 21 studentar, 4 UiT-tilsette og eit mannskap på 11 om bord.


Kortnytt fra UiT Norges arktiske universitet, Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar