Universitetsstyret ber om innspel til organiseringa av realfag og teknologi

Ei arbeidsgruppe anbefaler å styrkje organiseringa av matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT) ved UiT. No inviterer universitetsstyret interne og eksterne aktørar til å kome med innspel.

Universitetsstyret ved UIT
Universitetsstyret ønskjer eit best mogleg kunnskapsgrunnlag før det tek stilling til den vidare behandlinga av saka. Foto: Jørn Berger Nyvoll
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 26.11.26 19:00 Oppdatert: 26.11.26 21:30
Om UiT

Rektor Dag Rune Olsen har bede ei arbeidsgruppe vurdere om MNT-faga kan organiserast betre i framtida.   

Arbeidsgruppa peikar på at fleire av fagmiljøa er små og sårbare, slit med rekruttering og er tent med sterkare samordning. Derfor tilrår arbeidsgruppa å redusere talet på fakultet frå dei tre noverande fakulteta til anten to eller eitt.

Gruppa har ikkje kome med tilråding om lokalisering av fakultetsleiinga. 

Ønskjer breitt kunnskapsgrunnlag  

Torsdag blei rapporten presentert for universitetsstyret, og dei tok den til orientering.  

De vedtok samtidig ein brei innspelsrunde internt og eksternt om kunnskapsgrunnlaget, og bad om at resultata blir lagt fram for styret i april 2027. 

 Styreleiar Marianne Johnsen understreka at styret ønskjer ei grundig behandling.  

– Ein brei innspelsrunde sikrar eit best mogleg kunnskapsgrunnlag.  

Også rektor Dag Rune Olsen seier det er viktig med ei brei involvering.

– Det er viktig at vi får innspel frå både interne og eksterne interessentar. Gode høyringar og ein open prosess vil gi oss eit best mogleg grunnlag for dei vidare vurderingane, sa Olsen.  

Styret ber også om eit forslag til korleis ein heilskapleg og involverande prosess eventuelt kan gjennomførast. Dette skal leggjast fram i februarmøtet.

Ser behov for endringar 

Olsen meiner samstundes at rapporten peikar på utfordringar som UiT må ta tak i.  

Portrettbilde av en dame og en mann.
Styreleiar Marianne Elisabeth Johnsen og rektor Dag Rune Olsen. Foto: Jørn Berger Nyvoll

 – Rapporten gir oss eit godt kunnskapsgrunnlag og peiker på behovet for endringar i organiseringa av MNT-faga ved UiT. Vi har mellom anna konkurrerande tilbod internt innan enkelte fagområde, og det er ikkje tenleg, sa Olsen.  

Samtidig understreka han betydninga av Narvik for UiT sine ingeniørutdanningar.  

– Narvik er den viktigaste studiestaden for ingeniørvitskap vi har i Nord-Noreg, tett på arbeids- og næringslivet. Målet er å styrkje ingeniørmiljøa våre der, seier Olsen. 

Han trekk fram både ny bachelor i samarbeid med Forsvaret og innovasjonssenteret i samarbeid med Nscale som døme.   

Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 26.11.26 19:00 Oppdatert: 26.11.26 21:30
Om UiT