Campus Breivika: Har du testa den nye aktivitetsparken?

Drøymer du om å spele basket på campus eller sitje rundt eit bål saman med gode studievener? No har du sjansen.

Jente kaster kubb på en sportsbane ute.
Har du lyst til å spele kubb? Det er eitt av tilboda du kan prøve. Foto: Sigurd Salberg Pedersen / UiT
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 13.08.26 11:30 Oppdatert: 13.08.26 11:34
Om UiT Studentliv / Studier

I august testar vi ut nye aktivitetar utanfor Fiskerihøgskolen.

Basket eller bål? Prøv ut og meld inn kva du ønskjer. Foto: Sigurd Salberg Pedersen / UiT

Det er sett ut bålpanne og benkar, og det er etablert kubb- og basketballbane. I tillegg har du høve til å spele pickleball, badminton og bordtennis.

Prosjektleiar Sigurd Salberg Pedersen oppmodar alle som er i Breivika, om å ta med seg studievener og kollegaer.

– Test ut dei nye tilboda og gje oss innspel på kva som fungerer, seier han.

Tilbakemeldingane deler du via QR-koden du finn i parken eller på nett.

Fått 100 forslag

Målet er å etablere ein fast møteplass fylt med aktivitetar og liv, men først å teste ut kva folk ønskjer: Kva aktivitetar er mest populære? Kvar er det behov for benkar og bord? Er det andre ting vi må tenkje på?

Pedersen vil takke alle som har kome med innspel så langt.

– Vi har fått inn om lag 100 forslag via spørjeskjemaet vi la ut i vår, og no prøver vi ut nokre av konsepta, seier han.

Ver med på aktivitetar

I løpet av månaden vil det bli arrangert aktivitetar i regi av Kraft sportssenter og True North – Tromsø europeisk ungdomshovudstad.

– Dette er aktivitetar som alle kan vere med på, og dei blir annonserte i kalenderen til Samskipnaden

Pedersen vil òg rose alle som er med på å utvikle konsepta, som Tromsøstudentenes idrettslag (TSI), studentparlamentet og Samskipnaden.

Også lærarutdanninga og studentar frå biologi- og planleggingsfag har vore med.

– Takket vere innsatsen frå alle får vi dette til, seier Pedersen.

Oversiktbilde over aktivitetsområdet med ulike sportsbanar.
Aktivitetsparken er under utvikling, og du kan påverke innhaldet. Foto: Sigurd Salberg Pedersen / UiT
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 13.08.26 11:30 Oppdatert: 13.08.26 11:34
Om UiT Studentliv / Studier