– Ser på Nord-Noreg som moglegheitenes land

Stadig fleire utanlandske studentar har søkt seg til UiT dei siste åra. Ifølgje prorektor for utdanning, er UiT og Nord-Noreg attraktivt på grunn av fagleg kvalitet, natur, tryggleik og livskvalitet.

Studenter samlet i et audiotorium, mens de lytter til en taler.
Prorektor Rikke Gürgens Gjærum holder tale under Debut Week International 2026. Foto: Kim Bredesen / UiT
Portrettbilde av Bredesen, Kim
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 05.08.26 13:29 Oppdatert: 06.08.26 10:44
Arbeidsliv Internasjonalt samarbeid Studentliv / Studier

Denne uka blir Debut Week International arrangert ved UiT, ei veke før semesterstart for norske studentar. Under oppstarten får dei utanlandske studentane ei innføring i alt dei trenger å vite for å klare seg i Nord-Noreg. Dei kan også vere med på både byvandring og ekskursjon til Kvaløya.

Blant dei 7 839 nye studentane som byrjar ved UiT denne hausten, har 703 internasjonal bakgrunn. Dei aller fleste utanlandske studentane kjem frå EU-land og nordiske land. Det største talet studentar er frå Tyskland, Frankrike, Danmark, Nederland og Spania.

Portrettfoto av kvinne
Rikke Gürgens Gjærum, prorektor for utdanning ved UiT. Foto: Tommy Skum Hansen / UiT

Moglegheitenes land

Dei siste åra har UiT fått stadig fleire søkjarar frå utlandet: 753 i 2024, 864 i 2025 og 1 046 i år.

Rikke Gürgens Gjærum, prorektor for utdanning ved UiT, meiner utviklinga tyder på at UiT har ein sterk internasjonal posisjon.

Ho peikar også på at UiT har ei sentral rolle innan forsking og utdanning på område som klima, berekraft, teknologi, helse, beredskap og samfunnsutvikling i nordområda.

– Mange ser på Nord-Noreg som moglegheitenes land. Eg trur mange studentar opplever at nettopp kombinasjonen av fagleg kvalitet, nærleik til fagfolka, tryggleik, høg livskvalitet og spektakulær natur gjer studietida hos oss ganske spesiell. Det er kanskje få andre universitet i verda som kan tilby akkurat denne kombinasjonen. Vi er jo det nordlegaste universitetet i verda, understrekar Gjærum.

Rikare læringsmiljø

Etter Gjærums syn, berikar og utvidar internasjonale studentar det faglege, kulturelle og sosiale mangfaldet, både ved UiT og i vertskommunane.

– Kunnskap kjenner ingen landegrenser. I undervisninga opplever vi ofte at internasjonale studentar tilfører nye perspektiv og stiller ganske andre spørsmål enn norske studentar. Det fører til meir refleksjon og diskusjon. Det gir ganske enkelt eit rikare læringsmiljø for oss alle, seier ho.

Byggjer alliansar i nord

Gjærum ser det også som eit viktig mål å styrkje utvekslinga med dei nordiske nabolanda i åra som kjem. Ho viser til at Noreg har djupe historiske band til nabolanda våre, at vi har liknande samfunnsutfordringar, og at vi har lange tradisjonar for samarbeid på mange samfunnsområde.

– Derfor vil eg hevde at studentutveksling i Norden gir ringverknader langt utanfor seminarromma på campus. Å byggje alliansar og relasjonar i nord er også eit beredskapsspørsmål, noko vi alle er opptekne av for tida, seier ho.

Gruppefoto i et audiotorium.
Studentar frå mange land samla ved UiT i Tromsø, under Debut Week International 2026. Foto: Kim Bredesen / UiT

Internasjonal semesterstart

  • 703 internasjonale studentar byrjar ved UiT hausten 2026
  • Blant dei er 547 utvekslingsstudentar og 156 gradsstudentar
  • Dei aller fleste kjem frå EU-land og nordiske land
  • Det største talet studentar er frå Tyskland, Frankrike, Danmark, Nederland og Spania
  • 56 av studentane er frå land utanfor EU

Treng utanlandsk kompetanse

Nær halvparten av dei utanlandske studentane som fullfører ved UiT Noregs arktiske universitet, vel å arbeide og busetje seg i Nord-Noreg. Gjærum understrekar at UiT arbeider aktivt med å synleggjere karrieremoglegheitene i Nord-Noreg for nye internasjonale studentar.

– At nær halvparten av dei internasjonale kandidatane ved UiT blir verande og arbeider i Nord-Noreg etter fullført utdanning, viser nettopp at regionen har moglegheiter som mange frå andre land ønskjer å gripe, seier Gjærum.

Ho legg til at UiT skal halde fram med å bidra til å utvikle fleire møteplassar mellom studentar og arbeidsgivarar, mellom anna gjennom praksisplassar, praktikantordningar, gjesteforelesingar, bedriftsbesøk og arrangement.

– Når studentar får tidleg kontakt med arbeidslivet, aukar sjansane for at dei etablerer seg i landsdelen etter studiane. UiT eksisterer ikkje i eit vakuum, og vi forskar ikkje på ei aude øy. Vi er, og skal halde fram med å vere, ei drivkraft i nord ved å leggje til rette for danningsprosessar og drive kompetanseutvikling i Nord-Noreg. Internasjonale studentar er ein viktig del av den framtidige kompetansen landsdelen treng, konkluderer Gjærum.

Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 05.08.26 13:29 Oppdatert: 06.08.26 10:44
Arbeidsliv Internasjonalt samarbeid Studentliv / Studier
Vi anbefaler