Canvas-leverandør har inngått avtale med trusselaktør

Instructure melder at dei har gjort ei avtale med dei kriminelle og at data stolen frå Canvas er sletta. UiT følgjer situasjonen tett.

logo canvas
Canvas er laga av amerikanske Instructure. Foto: Instructure
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 12.05.26 10:53 Oppdatert: 12.05.26 11:35
Om UiT

I følgje Instructure, som er leverandør av læringsplattforma Canvas, har dei fått bevis for at data er sletta og at gruppa som stal data frå Canvas har lova å ikkje leggje ut dataa på ny.

Som tidlegare meldt, er trusselaktøren stengd ute frå Cnavas, og systemet kan nyttast som vanleg på UiT.

I Noreg er det SIKT som er ansvarleg for avtala med Instructure. SIKT, UiT og andre lærestadar i Noreg jobbar no saman for å få klarheit i situasjonen og vurdere om ein skal gjere ytterlegare tiltak. Ein slik avtale kan ikkje gje absolutte garantiar, og det vil alltid vere ein risiko for at dataa allerie er kopiert eller kan dukke opp på eit seinare tidspunkt.

Alt tyder likevel på at eventuelle data stolen frå UiT no er sletta og ikkje vil verte offentleggjort.

Les meir på sidene til SIKT og på UiT sin tryggleiksside.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar