Bente Norbye tildelt Anders Forsdahls pris 2025
Prisen blir gitt til ein person som har markert seg innan helsetenester i Distrikts-Noreg. Det er spesialistsjukepleiar og dosent Bente Norbye som har fått prisen. Det er også første gong denne prisen blir tildelt ein person som har ein annan helsefagleg bakgrunn enn legar.
Anders Forsdahls pris vart oppretta av Nasjonalt senter for distriktsmedisin i 2006. Prisen blir delt ut til ein person som over år har utretta ein markant innsats for helsetenesta i distrikt-Noreg, i ei vid betydning. Så langt har prisen gått til legar. I år blir døra opna for ein prismottakar med ein annan helsefagleg bakgrunn. Tverrfagleg samarbeid utanfor og innanfor legekontoret er ein viktig del av kvardagen vår i allmennpraksis generelt og i distrikt spesielt.
Anders Forsdahls pris 2025 blir tildelt Bente Norbye, spesialsjukepleiar og dosent ved desentralisert sjukepleiarutdanning i Troms/UiT. Ho har vore og er ein viktig pioner med eit glødande engasjement for sjukepleieutdanning i distrikta. Gjennom heile yrkeslivet sitt har ho bidrege til å rekruttera sjukepleiarar til alle rurale distrikt i Troms fylke og til landsdelen elles.
I tillegg har ho gjennom forsking og utviklingsarbeid bidrege til auka merksemd på utfordringar knytte til kompetanse i helsevesenet i norske distriktsområde og nordlege cirkumpolare område. Bente Nordbye har initiert og delteke i omfattande internasjonalt samarbeid, mellom anna gjennom nettverket U Arctic – University of the Arctic
Hennes engasjement i distriktspolitiske og utdanningspolitiske spørsmål i område med urbefolkning har hatt helsepolitisk betydning. Hennes forsking, undervisning og bidrag til helsetenesteutvikling speglar hennar yrkesaktive liv og eit dedikert fokus på helsetilbodet og utdanning i nordlege strøk, i tråd med Anders Forsdahls virke.
I prisforedraget under Forskingsdagen på Nidaroskongressen 2025 fortalde ho om sitt liv og virke i Sjøvegan i Troms med viktige forgreiningar til internasjonale forskings- og utdanningsmiljø, i mellom anna Skottland, Canada og New Zealand.
Kortnytt fra Institutt for helse- og omsorgsfag





