Marianne Johnsen held fram som styreleiar

Kunnskapsdepartementet har utnemnt nye styremedlemmer og varamedlemmer for UiT Noregs arktiske universitet i perioden 2025 - 2029.

portrett av en kvinne i sol
Marianne Johnsen fotografert under eit tidlegare styremøte. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 26.06.25 14:30 Oppdatert: 26.06.25 14:57
Om UiT

Kunnskapsdepartementet utnemner styreleiar og tre styremedlemmer til UiT Noregs arktiske universitet. I dag offentleggjorde dei sine utnemnde:

Styreleiar
Marianne Elisabeth Johnsen (1963, Bærum), held fram som styreleiar.

Styremedlemmer
Christian Chramer (1973, Tromsø) vert utnemnd for ein ny periode. Chramer er administrerande direktør i Sjømatrådet.
Ola Jøsendal (1963, Alversund) er ny i styret. Han er viseadministrerande direktør i Helse nord.
Kerstin Sahlin (1954, Uppsala, Sverige) er òg ny. Ho er professor i organisasjonsteori ved Uppsala universitet.

Varamedlemmer:
Trude Slettli (1970, Tromsø) held fram som vararepresentant til styret. Ho er sjølvstendig næringsdrivande, og har lang leiar og -styrarerfaring.
Runar Sammol Myrnes Balto (1987, Tromsø) er ny i styret. Han er politker og rådsmedlem i Sametingsrådet.

Resten av UiT sitt styre er personar valde av tilsette og studentar. Her kan du lese om kven dei er.

Det nye styret starar offisielt perioden sin 1. august 2025.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 26.06.25 14:30 Oppdatert: 26.06.25 14:57
Om UiT