1189 ungdommar kjem til UiT for Åpen dag

Stjernekraft, myteknusing og labeksperiment – slik skal unge frå heile landsdelen få sjå kva høgare utdanning kan by på.

jente som sitter på huk og hilser på en liten robot på gulvet
Hauk Storjord og Yigit Can Dunar viser frem roboten NAO til elever fra VGS på Åpen dag ved UiT Tromsø i 2024. Foto: Jørn Berger-Nyvoll
Portrettbilde av Bludd, Ellen Kathrine
Bludd, Ellen Kathrine ellen.kathrine.bludd@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Portrettbilde av Renland, Maren Waagaard
Renland, Maren Waagaard maren.w.renland@uit.no Rådgiver
Publisert: 11.03.25 10:40 Oppdatert: 11.03.25 11:09
Om UiT Studentliv / Studier

UiT held fram med suksessen Åpen dag, og skal ta imot 1189 nysgjerrige ungdommar 13. mars kl. 09.00–14.00 på UiT i Breivika i Tromsø. Der kan dei velje mellom 44 miniføredrag, 21 aktivitetar og ei lang rekkje stands. 

– Vi håpar at ungdommane får med seg kor enormt breitt studietilbod UiT har, og at dei testar ut mest mogleg. Vi vil inspirere dei til å ta høgare utdanning og hjelpe dei å velje sitt framtidige studium, seier prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås. 

Miniføredraga spenner frå «Stortingsvalget 2025» til «Kan fysikere løse energikrisa med stjernekraft?», «Marin biodiversitet som kilde til fremtidas kreftmedisin», «Kunstig intelligens og kreativitet: er Netflix’ fremtid mennesker eller maskin?», med mye meir.

Studenter som går forbi et banner der det står Åpen dag.
Elever på Åpen dag ved UiT Tromsø i 2024. Foto: Jørn Berger-Nyvoll

Blant aktivitetane kan vi nemne dronekøyring, VR-programmering, ut på havet med skipssimulator, besøk i rettssalen og ein rekkje omvisingar. Filmkunstskolen på UiT i Kabelvåg er òg til stades, og skal vise studentfilmar. 

Det fulle og heile programmet finn du her: https://uit.no/skole/apendag/tromso  

Vi inviterer pressa til å kome og oppleve det yrande livet og møte unge menneske som prøver å finne deira rolle i framtidas Noreg. 

Les også: – Jeg ønsker å være den personen som kan hjelpe andre

Åpen dag på dei andre studiestadene: 

Åpen dag Harstad 12. mars 
Åpen dag Alta 25. mars 
Åpen dag Narvik 26. mars

gutt som har på seg VR-briller
Elev som tester ut VR-briller på Åpen dag ved UiT Tromsø, 2024. Foto: Jørn Berger-Nyvoll
Bludd, Ellen Kathrine ellen.kathrine.bludd@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Renland, Maren Waagaard maren.w.renland@uit.no Rådgiver
Publisert: 11.03.25 10:40 Oppdatert: 11.03.25 11:09
Om UiT Studentliv / Studier
Vi anbefaler