Arbeidsstøtte for ansatte

ChatUiT og KI

Kunstig intelligens kan vere gode hjelpemiddel fro å jobbe kjapt og effektivt. Her finn du ChatUiT og andre KI-verktøy du kan bruke ved UiT. Bruk dei til idemyldring, omsetting og strukturering av tekster.

Reglar for bruk av KI i kommunikasjon ved UiT

  1. Bruk KI som eit støtteverktøy, idemyldring og til omarbeiding – men ikkje til å skrive ein tekst frå grunnen av.
  2. Du kan ikkje publisere heile tekster skapt av KI når UiT eller einingar under UiT er avsendar, uansett plattform.
  3. Jobb vidare med og kvalitetssikre alltid KI-tekster du vil bruke.
  4. Ein kan bruke KI til å lage bilete og video – men berre i stilar som illustrasjon, teikning, grafikk eller animasjon. Slikt innhald må alltid merkast som KI-generert.
  5. Ikkje del sensitiv informasjon med KI.
Sist endret: 20.04.2026

KI-verktøy du kan bruke

Desse KI-verktøya er godkjend på UiT-utstyr:

ChatUiT er UiT sin eigen ChatGPT. Den kan hjelpe deg med tekstarbeid som idemyldring, omsetjing, struktur, korrektur og oppsummering. Den er tilgjengeleg for alle studentar og tilsette ved UiT, og brukardata blir ikkje delt eller brukt til trening.


Sist endret: 17.10.2025
Printvennlig innhold: ChatUiT

Copilot Chat er ein robot som hjelper deg med tekstarbeid som idemyldring, struktur og analyse av dokument. Logg på med UiT-brukaren din på office.com. Då er både dine og UiT sine data beskytta.

Copilot Chat er òg tilgjegeleg i nettlesaren Edge og som eiga program i Windows 11.


Sist endret: 18.11.2025
Printvennlig innhold: Copilot Chat

Klartekst omgjer (transkriberer) tale til tekst. Last opp lyd- eller videofilar for transkribering.


Sist endret: 13.05.2025
Printvennlig innhold: Klartekst

Keenious hjelper deg å finne artikler og informasjon om eit tema. Du kan legge Keenious (Add-in) i Word. 


Sist endret: 13.05.2025
Printvennlig innhold: Keenious
Sist endret: 13.05.2025

KI-verktøy du ikkje kan bruke

Deepseek er ein språkmodell, som ChatGPT. Den er ikkje tillate på UiT-eigde PCar, laptopar og anna utstyr. Tilsette kan heller ikkje bruke UiT-tenester som e-post, Teams og Onedrive på private einingar der Deepseek er installert.

Språkmodellen er ikkje tillate, fordi den ikkje overheld personvernregelverket. Det er knytt stor usikkerheit til sikkerheit og korleis informasjon blir lagra og brukt.


Sist endret: 19.06.2025
Printvennlig innhold: Deepseek (forbode)

Copilot er ein KI-assistent integrert i Microsoft 365-applikasjonar for å forbetre produktivitet og effektivitet. Den hjelper deg med å generere innhald, automatisere oppgåver og få innsikt frå data. Den kan for eksempel skrive e-postar for deg, skrive møtereferat, med meir.

Copiloten har tilgang til all informasjon du har tilgang til i Microsoft 365, inkludert sensitive data, e-postar og chattar. KI-teamet reknar med å ha ei anbefaling klar snart.

Copilot for Microsoft 365 er ikkje det same som Copilot som ein per november 2025 finn i til dømes Outlook. Det er Copilot Chat. Copilot for Microsoft 365 er under vurdering og testing ved UiT. Ei avgjerd vert tatt når testinga er over, truleg i mai eller juni 2026.


Sist endret: 18.11.2025
Printvennlig innhold: Copilot for Microsoft 365 (uavklart)

Ikkje bruk andre KI-tenester som ChatGTP, Claude eller Google Lightbook LM til å jobbe med UiT-relatert innhald. Desse og liknande tenester er ikkje godkjent av ITA og det er knytt usikkerheit til sikkerheit og korleis informasjon blir lagra og brukt.


Sist endret: 17.04.2026
Printvennlig innhold: Andre KI-tenester
Sist endret: 13.05.2025

Treng du meir hjelp?

Sjekk uit.no/om/kunstigintelligens eller kontakt KI-teamet på ki@uit.no.

Sist endret: 13.05.2025
ChatUiT og KI