ChatUiT og KI
Her finn du ChatUiT og andre KI-verktøy du kan bruke ved UiT. Bruk dei til idemyldring, omsetting og strukturering av tekster.
3 hugsereglar
- Tilarbeid og kvalitetssikre alltid KI-tekster du vil bruke.
- Merk tekst, bilde, video og lyd som er laga med KI. Skriv for eksempel: Teksten er laga ved hjelp av ChatUiT GPT-4o.
- Ikkje del sensitiv informasjon med KI.
KI-verktøy du kan bruke
Desse KI-verktøya er godkjend på UiT-utstyr:
ChatUiT er UiT sin eigen ChatGPT. Den kan hjelpe deg med tekstarbeid som idemyldring, omsetjing, struktur, korrektur og oppsummering. Den er tilgjengeleg for alle studentar og tilsette ved UiT, og brukardata blir ikkje delt eller brukt til trening.
Sist endret: 17.10.2025
Printvennlig innhold: ChatUiT
Copilot Chat er ein robot som hjelper deg med tekstarbeid som idemyldring, struktur og analyse av dokument. Logg på med UiT-brukaren din på office.com. Då er både dine og UiT sine data beskytta.
Copilot Chat er òg tilgjegeleg i nettlesaren Edge og som eiga program i Windows 11.
Sist endret: 18.11.2025
Printvennlig innhold: Copilot Chat
Klartekst omgjer (transkriberer) tale til tekst. Last opp lyd- eller videofilar for transkribering.
Sist endret: 13.05.2025
Printvennlig innhold: Klartekst
Keenious hjelper deg å finne artikler og informasjon om eit tema. Du kan legge Keenious (Add-in) i Word.
Sist endret: 13.05.2025
Printvennlig innhold: Keenious
KI-verktøy du ikkje kan bruke
Deepseek er ein språkmodell, som ChatGPT. Den er ikkje tillate på UiT-eigde PCar, laptopar og anna utstyr. Tilsette kan heller ikkje bruke UiT-tenester som e-post, Teams og Onedrive på private einingar der Deepseek er installert.
Språkmodellen er ikkje tillate, fordi den ikkje overheld personvernregelverket. Det er knytt stor usikkerheit til sikkerheit og korleis informasjon blir lagra og brukt.
Sist endret: 19.06.2025
Printvennlig innhold: Deepseek (forbode)
Copilot er ein KI-assistent integrert i Microsoft 365-applikasjonar for å forbetre produktivitet og effektivitet. Den hjelper deg med å generere innhald, automatisere oppgåver og få innsikt frå data. Den kan for eksempel skrive e-postar for deg, skrive møtereferat, med meir.
Copiloten har tilgang til all informasjon du har tilgang til i Microsoft 365, inkludert sensitive data, e-postar og chattar. KI-teamet reknar med å ha ei anbefaling klar snart.
Copilot for Microsoft 365 er ikkje det same som Copilot som ein per november 2025 finn i til dømes Outlook. Det er Copilot Chat. Copilot for Microsoft 365 er under vurdering og testing ved UiT. Ei avgjerd vert tatt når testinga er over, truleg i mai eller juni 2026.
Sist endret: 18.11.2025
Printvennlig innhold: Copilot for Microsoft 365 (uavklart)
Treng du meir hjelp?
Sjekk uit.no/om/kunstigintelligens eller kontakt KI-teamet på ki@uit.no.