Frå forsking til marknad: 15 millionar til  UiT og Norinnova

19. februar kunngjorde Noregs forskingsråd tildelingar for kommersialisering av forsking. Tre prosjekt frå UiT og Norinnova får 15% av tildelinga.

Ein mann på ein scene demonstrerar noko. Han har ein skjerm med seg på scena.
Oliver Vanderporten fortel om Nanospacer på forskarpub. No får han 5 millionar til å kommersialisere forskinga til eit produkt.. Foto: Petter Bjørklund / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 21.02.25 11:50 Oppdatert: 21.02.25 12:08
Helse og velferd Om UiT Teknologi

– Eg er ordentleg stolt av at vi har så stort gjennomslag på innovasjonsområdet! Det gjer at vi kan utvikle forsking til produkt og tenester som samfunnet treng, seier prorektor Kathrine Tveiterås.

For når Norges forskingsråd kunngjorde kva prosjekt som får årets viktige Proof of Concept-finansiering, var det tre prosjekt frå UiT og Norinnova på lista. Det gjev delt førsteplass saman med Inven2, som er eigd av UiO og OUS.

– Vi er svært glade for å sjå at UiT Noregs arktiske universitet og Norinnova for andre år på rad er blant dei som har fått flest tildelingar! Vi gratulerer teama som har jobba knallhardt for suksessen dei no opplever, seier Elisabeth Andreassen, avdelingsleiar for offentlege kundar hjå Norinnova.

I forskingsrådet sin utlysing i 2024 fekk 6 UiT/Norinnova-prosjekt til saman 30 millionar.

Her er årets tre prosjekt som får 5 millionar kvar:

Spermotile

Ein automatisert, AI-dreven plattform som vel og samlar den høgaste kvaliteten av "stjernesæd" for befruktning. Denne oppfinninga vil betydeleg forbetre effektiviteten og resultata av fertilitetsbehandlingar. UiT-oppfinnarar er Krishna Agarwal, Dilip Prasad og Ankit Butola, mens Lars Sørensen og Ingrid Skjæveland er forretningsutviklarar frå Norinnova.

Fem personar poserar fremst i eit auditorium. Det står spermotile på skjermen bak dei.
Teamet bak Spermotile: Frå venstre: forretningsutviklar Lars Sørensen i Norinnova; professor Dilip Kumar Prasad, ansvarleg for KI-løysingar; professor Krishna Agarwal, prosjektleiar og fag- og forskingsleiar Mona Nystad ved IVF-poliklinikken ved UNN. Bak: leiar Markus Rumpsfeldt for E-helse-, samhandlings- og innovasjonsenteret ved UNN. Foto: Kaja Alexandra Halvei-Larsen / UiT

Les meir: Slik vil dei fornye kunstig befrukting

Nanospacer
Eit kraftig verktøy for nanoskopisk storleiksanalyse og deteksjon. Oppfinninga er eit spesialdesignet dekkglas for mikroskop som gjer det mogleg å observere partiklar på nanoskala ved å bruke eit standard optisk mikroskop. Postdoktor Oliver Vanderpoorten på Institutt for fysikk og teknologi står bak oppfinninga, med hjelp frå forretningsutviklarane Magnus Seppola, Mayank Roy og Bronwyn Smithies.

Wireless AutoCharge
Oppfinninga vil skape ein meir robust og påliteleg teknologi for lading av autonome elektriske køyretøy ved å nytte trådlaus kapasitiv lading, i staden for dei tradisjonelle plug-in eller induktive ladeteknikkane. Hjernane bak er førsteamanuensis Hussein Al-sallami og stipendiat Halldor Arnarson frå Institutt for elektroteknologi ved UiT i Narvik og forretningsutviklarane Mayank Roy og Lars Sørensen.

Prorektor Tveiterås seier samarbeidet mellom UiT og Norinnova er veldig godt og ein stor styrke for universitetet:

– Spisskompetansen deira på forretningsutvikling i en tidlig fase er uvurderlig for fagmiljøa våre, seier ho.


Kortnytt fra Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for fysikk og teknologi, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Institutt for informatikk, Institutt for elektroteknologi
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Vi anbefaler