Musikkstudentar fyller byen med musikk
Musikkstudentane ved UiT speler ei stor rolle under Nordlysfestivalen som startar denne veka. Både gjennom eigne konsertar og saman med verdsstjerner.
– Musikkonservatoriet ved UiT er ein av Nordlysfestivalen viktigaste samarbeidspartnarar. Studentane fyller årleg store delar av programmet med talentet og engasjementet sitt. I år gler me oss spesielt til å oppleva sjølvaste Carmina Burana, og konserten som involverer begge festilvalprofiler; Marius Neset og Mimmi Tamba, i samspel med dei rytmiske studentane, seier festivalsjef Sergej Schroeter.
Det er Musikkonservatoriet som set opp Carmina Burana av den tyske komponisten Carl Orff, i Tromsø domkyrkje 31. januar. Konserten er det største prosjektet konservatoriet har hatt på mange år.
– Det er ein stor produksjon som involverer nesten alle dei klassiske studentane våre; både blåsarar, strykarar, pianistar og songarar. Prosjektet involverer også eit stort kor, som er sett saman av songarar frå konservatoriet, nokre av byens amatørkor og barnekoret på Kulturskolen, seier Maria Medby Tollefsen som er dirigent og ansvarleg for prosjektet.
Øver som profesjonelle
Tollefsen fortel at det er ein del av musikkutdanninga å ha samspelprosjekt i større og mindre format. Då får studentane også oppleva ein øvingsprosess som liknar på slik det er i profesjonelle orkester.
– Når studentane har sånne prosjekt, øver me veldig intenst i ein kort periode. Det er som å jobba profesjonelt: Dei får notane, og så har me kanskje ein eller to forprøver. Deretter er det berre veka før konserten me øver, der me startar på måndag og er ferdig på fredag, på same måte som profesjonelle orkester jobbar, forklarer Tollefsen.
Ein av studentane som er med, er Jakob Rørtveit som studerer fiolin på fjerde året.
– Eg gler meg til ei annleis veke. Her på konservatoriet står me vanlegvis for oss sjølv på eit øvingsrom og jobbar med eige instrument. Når me no har eit felles prosjekt, er det meir sosialt, og me kjem oss ut i byen, seier Rørtveit.
Ein plass til alle
Han synest det er veldig positivt at alle musikkstudentane får eit høve til å spela under Nordlysfestivalen. I tillegg til Carmina Burana har dei klassiske studentane eigne lunsjkonsertar kvar dag, og dei rytmiske studentane har kveldskonsertar som går under namnet Closing Time. Rørtveit skal vera med på begge.
– Eg har ikkje erfaring frå å studera på andre konservatorium i Noreg, men det som er fint her i Tromsø, er at alle får vera med uansett. Eg har inntrykk av at det kan bli litt meir kriging om å få vera med på prosjekt på dei konservatoria som har fleire studentar, seier Rørtveit.
Ilmi Cathrine G. Knudsen er ein av songstudentane som bidreg i koret på Carmina Burana. Ho har også ei solorolle og er reserve for ei anna rolle i tilfelle sjukdom. Ho gler seg til å syngja framfor eit stort publikum i Tromsø domkyrkje.
– Eg synest det er veldig bra å få sunge åleine med orkester. Det er viktig å kunna gjera det som songar, fordi det krev presisjon og sjølvtillit, seier ho.
Ein meister på saksfon
Ei anna storhending der studentar frå Musikkonservatoriet deltek er på konserten 29. januar med Mimmi Tamba og verdsstjerna Marius Neset på saksofon.
– Han er ein av dei beste saksofonistane ikkje berre i Europa, men i heile verda. Han gjer ting på ein saksofon som eg ikkje trudde var mogleg. Det er veldig stas at me skal få spela med han, seier Amanda Antonsen, som studerer saksofon.
– Det er sinnssjukt inspirerande. Det er veldig fint at me får lov til å spela med sånne artistar som ein del av studiet, legg ho til.
Maria Medby Tollefsen meiner Nordlysfestivalen er ein god arena for å få vist fram det studentane kan.
– Det er ein naturleg stad å få framføra det dei har jobba med i samspelgrupper som me lærarar set saman. Me treng slike arenaer der ensembla får presentert seg og sett ein sluttstrek for den samspelperioden Samarbeidet mellom Nordlysfestivalen og Musikkonservatoriet er verdifullt for alle aktørane og for folk i byen. Mykje av det som blir her presentert er fint og av høg kvalitet, seier Tollefsen.
Arrangementa der UiT-studentar og tilsette er med:
-
Instrument 2
Varighet: 2 Semestre -
Hørelæredidaktikk - master
Varighet: 2 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjon og ledelse for offentlig sektor - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Fine Art - master
Varighet: 2 År -
Forfatterstudium 1 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Bibliotek- og dokumentasjonsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Realfagskurs
Varighet: 1 Semestre -
Spansk og latinamerikanske studier - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk språk og litteratur - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk og latinamerikanske studier - master
Varighet: 2 År -
Samisk språk- og litteraturvitenskap - master
Varighet: 3 År -
Instrumentaldidaktikk - master
Varighet: 2 År -
Orgelspill og orgelimprovisasjon
Varighet: 2 År -
Filosofi - årsstudium
Varighet: 1 År -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
PhD programme in Humanities and Social Sciences
Varighet: 3 År -
Bevegelige bilder - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Music performance - master
Varighet: 2 År -
Musikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År