Brei oppslutning om femårig lærarutdanning
NOKUT har evaluert omlegginga av lærarutdanningane til masterprogram. Eit vellukka bytte, med moglegheiter for å verte enno betre, er dommen.
– Det er godt nytt at masterutdanninga for grunnskulelærarar fungerer i tråd med regjeringas intensjonar. Denne rapporten viser at institusjonane har arbeidd godt for å utvikle utdanningane vidare, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Det er enno tidleg etter reforma
Statsråden var til stades på lanseringa av Sluttrapporten for evalueringen av grunnskolelærerutdanningene (PDF) i Tromsø 17. desember. Rapporten er konklusjonen av ei toårig evaluering av lærarutdanningane for grunnskulen, etter at dei vart gjort om til femårige masterløp i 2017.
Altså vart dei første utdanna lærarane i den nye ordninga ferdige i 2022.
Kristin Vinje er direktør for NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, som har laga rapporten.
– Det er framleis berre nokre få studentkull som har gjennomført utdanningane sidan denne reforma. Evalueringa gjev viktig innsikt i korleis reforma har fungert, korleis utviklinga av utdanningane har vore og kva som kan gjerast for å styrkje dei ytterlegare, seier ho.
Evalueringa er gjennomført av ein komité leidd av Elaine Munthe, professor i pedagogikk ved Universitet i Stavanger. Ho er basert på sjølvevalueringar, institusjonsbesøk og spørjeundersøkingar frå 13 utdanningsinstitusjonar.
Brei oppslutning om femårig masterutdanning
I rapporten kjem det fram at det er brei nasjonal oppslutning om grunnskulelærarutdanningane som femårige masterutdanningar.
Både lærarstudentar, rektorar og praksislærarar er godt nøgde med den faglege tyngda dei opplever at studentane har fått gjennom den femårige utdanninga.
Rapporten kallar vidare UiT for ein pioner på lærarutdanningsfeltet; UiT var den første institusjonen som tilbaud femårig lærarutdanning, som eit resultat av samanslåinga mellom Universitet i Tromsø og Høgskulen i Tromsø.
Såleis har UiT jobba lengje med å kombinere kompetansen og tradisjonen til høgskuleutdanningane, som ofte var praksis- og profesjonsnære, med universitetet sin meir fag- og forskingsretta tradisjon.
– Det er fint å sjå evalueringa trekkje fram korleis utdanningane våre kombinerer forsking og profesjon på ein god måte. Dette er arbeid som vi vil byggje vidare på, seier UiT sin prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås.
Meir praktiske masteroppgåver
I rapporten kjem det fram at sjølve masteroppgåva vert opplevd som irrelevant for nokre av studentane.
Dei ulike institusjonane har ulik tilnærming til det oppgåva, men i rapporten vert det trekt fram at det vil vere føremålstenleg å skape ei sterkare kopling mellom praksisstudiet og arbeidet med masteroppgåva.
Det er Hoel samd i.
– Det er fint å sjå korleis nokre av institusjonane har ein innovativ inngang til å foreine praktisk og akademisk kunnskap i arbeidet med masteroppgåvene. Her er det viktig at institusjonane deler erfaringar og lærer av kvarandre, seier han.
Hjå UiT er ein særs nøgd med at 45 prosent av femteårsstudentane meiner at arbeidet med masteroppgåva førebur dei godt for arbeidet som lærer. Tilsvarande nasjonale tal er 26 prosent.
I rapporten heiter det òg at UiT sine studentar i større grad enn nasjonalt er positive til læringsutbyttet av masteroppgåva.
Siw Skrøvset er instituttleiar ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk, og ho trur UiT ligg over det nasjonale snittet fordi UiT på eit vis har 10 års forsprang på dei andre institusjonane.
– Vi har tilbydd master for lærarstudentar sidan 2010, lengje før dei andre kom i gang. Så det er nok med masterprogram som med mykje anna, trening og erfaring kjem godt med, seier ho.
Studentane vil møte fleire enn «idealeleven»
Det kjem òg fram i rapporten at nokre studentar meiner at dei vert kvalifiserte til å jobbe med «idealeleven», medan dei erfarer at mange elevar krev noko heilt anna. I rapporten vert det derfor tilrådd å gje studentane eit betre grunnlag for å handtere både mangfaldet av elevar dei vil møte og skule–heim-samarbeidet.
– Konklusjonane til rapporten krev vidareutvikling både på nasjonalt nivå og for kvar einskild institusjon. På denne måten kan dei ulike utdanningane ta tak i dei særeigne moglegheitene og utfordringane sine, samstundes som vi held fram den gode dialogen i sektoren, seier Tveiterås.
Skal lærarutdanninga reformerast enno ein gong?
Lærarutdanningane får mykje offentleg merksemd, og særleg dei siste åra med søkkande søkartal og lærarmangel fleire stader i landet.
Evalueringa landar på at løysinga på utfordringane ikkje bør vere endå ei omlegging av utdanningane.
– Ei klar tilråding er å ikkje setje i gang med nye endringar og reformer av utdanningane på noverande tidspunkt, men å la dei få tid og moglegheit til å utvikle seg vidare. Det vert òg støtta av institusjonane som tilbyr utdanningane, seier Vinje.
– UiT har heile tida prøvd å ta tak i «knirk» som vi såg under vegs. Derfor har vi aldri slutta å innovere, men heller fått FoU-arbeid inn tidleg i utdanninga, jobba tettare med skulane, forska og utvikla partnarskap, seier Skrøvset
Rekrutteringsutfordinga er ikkje på grunn av utdanningane
Statsråd Hoel understreka at regjeringa har ingen planar om ein «reform med stor R», men at dei tar det for gjeve at det skjer eit kontinuerleg utviklingsarbeid – slik rapporten syner.
– UiT brukar det handlingsrommet vi har til å stadig forbetre oss. Fleire av forslaga til UiT frå rapporten var fagmiljøa allereie i gang med då dei fekk dei, seier Tveiterås.
– Det skjer veldig, veldig mykje bra i sektoren, og det er ikkje utdanningane sin feil at rekrutteringa går litt trått. Men vi må uansett gjere det vi kan for å opne opp, så alle som kan og vil verte lærar får moglegheita, avsluttar Hoel.
Sjå opptak av heile lanseringa her:
-
Hørelæredidaktikk - master
Varighet: 2 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning i musikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Spesialpedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Logopedi - master
Varighet: 4 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnehagelærer - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Organisasjon og ledelse for offentlig sektor - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnehagelærer - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærere - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Fagdidaktikk for lærere - master
Varighet: 4 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Vernepleie - bachelor (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 4 År -
Realfagskurs
Varighet: 1 Semestre -
Spesialpedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Pedagogikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Ferdigstilling av påbegynt lærerutdanning 1.-7. trinn
Varighet: 4 År -
Ferdigstilling av påbegynt lærerutdanning 5.-10. trinn
Varighet: 4 År -
Instrumentaldidaktikk - master
Varighet: 2 År -
Utdanningsledelse - master
Varighet: 4 År -
Lektor i realfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Bevegelige bilder - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Videreutdanning for lærere, barnehagelærere og utdanningsledere
Varighet: