– Eit arktisk universitet må kunne russisk

I 50 år har UiT forsynt Noreg med ettertrakta ekspertise på russisk språk og kultur. – Uhyre viktig, for Russland vil alltid vere ein premissleverandør i nord, seier professor.

Ein eldre mann og ein litt yngre mann står foran ein skjerm. På skjermen står det "Russisk i Tromsø i 50 år"
Professor Tore Nesset og emeritus Erik Egeberg fortalde historia til russiskfaget hjå UiT. Foto: Kaja A. Halvei-Larsen / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 29.11.24 13:20 Oppdatert: 01.12.24 11:19
Språk og litteratur

Tore Nesset har vore professor i russisk språkvitskap på UiT frå 1997. Han seier at for å kunne oppfylle målsettinga om å vere eit arktisk universitet, er det heilt avgjerande at UiT har tung forskings- og undervisningskompetanse på russisk språk, litteratur og kultur.

– Gjennom femti år har russiskfaget fylt denne rolla på ein god måte, sjølv om rollen har endra seg i takt med endringar i den geopolitiske situasjonen, seier Nesset.

50 år sidan pionerane starta

Fredag 29. november feira UiT 50-år med russisk. Det halve hundreåret UiT har vore prega av store endringar, både for faget og Russland og verda.

Ein eldre kvinne og ein eldre mann sit ved ein pult
Dei to første tilsette på russisk ved UiT: Ingvild Broch og Erik Egeberg. Foto: Kaja A. Halvei-Larsen / UiT

I pionertida på 70-talet var det kald krig og russisk var eit eksotisk framandspråk, fortel Nesset.

Dei to første tilsette, førsteamanuensis Ingvild Broch og professor Erik Egeberg, gjorde ein stor innsats for å bygge opp russiskstudiet i denne perioden.

Med Sovjetunionens fall vart det større interesse for russisk i Noreg, ikkje minst i nord, og russiskfaget gjekk gjennom ein ekspansjonsfase med etter kvart fem faste tilsette.  

På tidleg 2000-tal auka samarbeidet, og kanskje òg optimismen, og UiT hadde eit intenst samarbeid over grensene og mange forskingsprosjekt saman med kollegaar ved universitet i Russland.

Les meir: forskning.no sitt portrett av Ingvild Borch frå 2000 om det nære samarbeidet med Russland.

Ny situasjon etter Russlands invasjoner

Men etter Russland sin anneksjon av Krym i 2014, endra det seg. Det norske universitetssenteret i St. Petersburg vart stengd av russiske styresmakter i 2019, og etter fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022 vart det slutt med alt institusjonelt samarbeid med Russland.

Ein mann og ein kvinne ler saman
Ingvild Broch saman med Mikhail Gorbatsjov då sistnemnde vart utnemnd til æresdoktor hjå UiT i 1998. Foto: Rolf E. Rønne

I takt med det har rolla til russiskfaget endra seg, seier Nesset:

– Frå å vere meistrar i å samarbeide med Russland, er rolla vår no å forstå og spreie kunnskap om ein stor og aggressiv nabostat, seier han.

Lykketreff i Moskva

Pioneren Egeberg var sjølv til stades på jubileet i Tromsø, og han trur den geopolitiske utviklinga har gjort studiet endå viktigare sjølv innhaldet i faget ikkje vil endrast så mykje. 

– Faget må halde fram som ein brei orientering dei ulike sidene av russisk kultur, men kanskje utvidast til å omfatte meir ukrainsk og belarussisk, seier han.

Les meir: Tore Nesset sin kronikk i avisa Nordlys: Russisk i Tromsø i femti år – hva nå?

Ein annan som snakka på jubileet var tidlegare ambassadør til Ukraina og noverande ekspedisjonssjef i UD, Jon Elvedal Fredriksen. Han tok hovudfag på UiT på første halvdel av 1990-talet. Eigentleg studerte han russik i Oslo, men vart lokka nordover av nokre tromsøstudentar han traff på sommarkurs i Moskva.

– Det var eit lykketreff, for det skjedde så mykje interessant med Barentssamarbeid og samarbeid over grensa som vi studentar fekk sjå på nært hald og være med på, seier han. 

Fredriksen trur òg russiskfaget er viktig for UiT og nord framover.

– Eit levedyktig miljø for russisk språk og russlandskunnskap er minst like viktig no som før. Sjølv om vi ikkje samarbeidar med Russland no, og Noreg støttar Ukraina sin motstandskamp, så går Russland ingen stad. Vi må ha kunnskap til å forhalde oss til vår nabo, samstundes som vi skal utvikle kunnskap og innsikt i ukrainsk språk og kultur, seier han.

Russisk ved UiT

Over hundre studenter har teke bachelorgrad og nesten femti mastergrad i ulike program der russisk er den sentrale komponenten (russisk, russlandsstudier mm.) etter 2003.

I gamal gradsstruktur har om lag 350 studenter teke semesteremne, om lag 170 grunnfag, om lag 130 mellomfag og ca. 30 har skrive hovudfagsoppgåve i russisk.


Kortnytt fra Institutt for språk og kultur, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Vi anbefaler