UiT og Nordlysfestivalen forlengjer samarbeidet

I dag signerte viserektor Rikke Gjærum og festivalsjef Sergej Schroeter avtalen som sikrar fleire konsertar og aktivitetar – og kompetanseheving for begge partar.

Ei kvinne og ein mann handhelser mens dei ser smilande mot kamera
Viserektor Rikke G. Gjærum og festivalsjef Sergej Schroeter er samde om at UiT og Nordlysfestivalen gjer kvarandre betre. Foto: Jakob Bjørvig Henriksen / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 26.11.24 15:36 Oppdatert: 27.11.24 08:19
Kunst og kultur Om UiT

– UiT skal vere med og byggje Nord-Noreg med kunnskap og kompetanse. Vi jobbar derfor saman med fleire festivalar til beste for både oss, festivalane og samfunnet. Nordlysfestivalen er ein framifrå erfaringsarena for våre studentar, seier Rikke Gürgens Gjærum.

Som viserektor er ho ansvarleg for UiT sitt kunst- og kultursamarbeid, og ho peiker på at UiT ikkje er ein sponsor, men ein samarbeidspartnar som utviklar kompetanse saman med festivalen.

Ein mann skriv på eit papir mellom kaffikann
No er det gjort – Sergej Schroeter bind festivalen til UiT for fire nye år. Foto: Jakob Bjørvig Henriksen / UiT

– Dei jobbar godt med våre studentar og tilsette, og Nordlysfestivalen strekkjer seg langt for å skape spennande prosjekt for eit mangfaldig publikum. Saman skapar vi gode samfunn og meiningsfylde opplevingar, seier Gjærum.

Festivaldirektør Sergej Schroeter er samd:

– Vi har eit felles mål om å skape eit godt miljø i Tromsø og berekraftige samfunn i nord. UiT har alltid vert ein av Nordlysfestivalen sine viktigaste samarbeidspartnarar, og vi jobbar saman for å utveksle tverrfagleg kompetanse, seier han.

Nordlysfestivalen 2025 er frå 23. januar til 1. februar. Trekkplaster er Heddapris-vinnaren Mimmi Tamba og saksofon-yndlingen Marius Neset. 29. januar speler dei to samarbeidskonsert saman med studentar frå Musikkonservatoriet.

Studentar frå «Konsen» står bak over ti andre konsertar, dei fleste gratis, og er sterkt delaktig i kultklassikaren Carmina Burana. Det er ikkje tilfeldig at dei set eit tydeleg preg på festivalen, seier Schroeter:

– Studentane frå Konsen fyller årleg store delar av Nordlysfestivalen med sitt talent og engasjement. Så vi er særs nøgd med å kunne halde fram med det gode samarbeidet med UiT, seier han.

To menn og ei kvinne poserer ved ei dør. På døra heng det ein plakat for Nordlysfestivalen.
Schroeter og Gjørum saman med produsent Erling Falch. Foto: Jakob Bjørvig Henriksen / UiT

Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar