Nytt studiesenter opna i Hammerfest

Studiesenteret Uniq opna denne veka i Hammerfest. Senteret skal i samarbeid med mellom anna UiT tilby utdanning. 

Kvinne som står foran en skjerm.
Viserektor Bente Haug under opninga. Foto: Nina K. Jonassen
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 25.10.24 15:20 Oppdatert: 25.10.24 15:39
Om UiT

Studiesenteret Uniq har vorte utvikla i samarbeid med næringslivet, Hammerfest kommune og UiT Noregs arktiske universitet. Viserektor ved UiT Bente Haug var til stades under den offisielle opninga tysdag denne veka.

Haug seier til avisa Hammerfestingen at ho håpar at studiesenteret skal bli ein hub for næringslivsutdanning.

– Det hadde vore kjempeartig. I Hammerfest er det mange store aktørar. Viss dei både veit kva dei har behov for av kompetanse i bedriftene sine og bidreg til å utvikla det, og kanskje til og med samarbeider om å utvikla nye emne og nye fag, så kan det bli kjempespennande, seier Haug.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling