Eit fleksibelt utdanningstilbod

UiT tilbyr ei rekkje fleksible grunn- og vidareutdanningar og enkeltemne. Hald deg orientert om kva ved å abonnera på nyheitsbrevet vårt!

Fleire menneske i eit auditorium
UiT ønskjer å nå moglege heil- og deltidsstudentar frå heile landsdelen. Foto: Oddleif Larsen/UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Konstituert kommunikasjonssjef, seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 18.10.24 08:16 Oppdatert: 18.10.24 08:27
Om UiT Studentliv / Studier

Nyheitsbrevet blir sendt ut fem gonger i året og informerer om fleksible grunnutdanningar, vidareutdanningar og enkeltemne som har søknadsfrist dei kommande månadene.

– Fleire av dei samlingsbaserte grunnutdanningane våre har opptak kvart 2. eller 3. år, og me har årlege endringar i eksempelvis kva vidareutdanningar og nettbaserte enkeltemne me tilbyr. Me ønskjer å nå moglege heil- og deltidsstudentar frå heile landsdelen som ønskjer å studera der dei bur og når dei vil, seier prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås.

Her kan du melda deg på nyheitsbrevet.

Om dei fleksible utdanningane:

  • Grunnutdanningane kan vera samlings- eller nettbaserte bachelor- eller masterutdanningar som ein tek deltid eller heiltid.
  • Vidareutdanningar er korte studiepoenggivande utdanningar tilrettelagde for deg som er i jobb og ønskjer eit fagleg påfyll.
  • Enkeltemne er korte studiepoenggivande utdanningar som blir gjennomførte saman med studentar på ordinære gradsprogram.

Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Konstituert kommunikasjonssjef, seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling