Praktisk informasjon EXF-0714 haust 2024

Hugs å melde deg på seminargruppe innan 19. august.
Nettsiden vil bli oppdatert fram mot 12./13. august. 

På denne sida finn du litt praktisk informasjon for oppmelding og studiestart. Du melder deg på seminargruppe i Studentweb.

Denne orienteringa gjeld kun for examen facultatum ved HSL-fakultetet. Merk at pedagogikk, språkfaga og andre fakultet har eigne ex.fac.-opplegg. Ta kontakt med ditt institutt for informasjon.


Oppmelding til seminargruppe

Første seminar er mandag 19. august. Seminarundervisinga er obligatorisk og det er difor viktig å møte opp då. Ved for sein påmelding og for stort fråvær, får du ikkje ta eksamen. Merk at fristen for seminarpåmeldinga er langt tidlegare enn siste frist for semester- og eksamensregistrering. Seminarpåmeldinga skjer via Studentweb. Sjå gjerne på punkt 3 i Sjekklista.


Undervisinga skal i utgangspunktet ikkje kollidere med ex.phil.-undervising eller innføringsemne i den bachelorgraden du har valgt. Likevel må du sjekke om du kanskje må melde deg på ei spesiell gruppe for å unngå kollisjon med anna undervising. Du skal følge den same gruppa som du melder deg på gjennom heile semesteret.


Pensum: Lærebøker som kan kjøpes i Akademika (Universitetsbokhandelen):

  • Karlsen, G. (2015): Språk og argumentasjon. Bergen: Fagbokforlaget
  • Tønnessen, S. (red.) (2019): Vitenskapsteori og etikk for samfunnsvitenskap og humaniora. Tekstsamling.Oslo: Universitetsforlaget.
  • Bårnes, V. og Løkse, M. (2015): Informasjonskompetanse: håndbok i kildebruk og referanseteknikker. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Tekst som gjøres tilgjengelig i Canvas ved studiestart:

  • Solberg, M. og Tønnessen, S. (2021): «Hypotesetesting» (upublisert)

Forelesinger tilgjengelig i Canvas f.o.m. uke 33
Oppstart seminargrupper uke 34 (påmeldingsfrist 19. august)

Siste seminargruppe uke 45 (totalt 12 seminar)

Seminarundervising: Mandager 10-16

Eksamen 5. desember 2024


Canvas

Canvas er ein arbeidsreiskap som seminarlæraren vil bruke aktivt gjennom heile studiet for å informere om tidsfristar, publisere oppgåvene til dei ulike seminara med meir. Derfor må du heile tida oppdatere deg på Canvas-rommet.

Når du har meldt deg på ei seminargruppe, får du tilgang til Canvas-rommet for gruppa. Ytterligare informasjon om kurset finn du på "Heim" (forsida) i Canvas og i "Emneinformasjon" under "Modular". Sjå på denne informasjonen før det første seminaret.

Undervising

Undervisinga består av videoførelesingar som ligg på Canvas og seminargrupper. Seminarundervisinga består av tolv seminarer. Du må vere tilstede på ni av tolv for å få lov til å ta eksamen.

Til kvart seminar legg seminarleiar ut oppgåver. Det er venta at du stiller førebudd til kvart seminar. 

Eksamen

Eksamen består av ein digital skuleeksamen. De får meir informasjon om dette av seminarleiar og i Canvas.