Ny jussavtale med Universitetet i Antwerpen

Med HKH Prinsesse Astrid av Belgia som vitne, signerte UiT og Universitet i Antwerpen i dag ei ny avtale for mobilitet for studentar og tilsette på dei juridiske fakulteta.

ei kvinne handhelser på ein mann bak eit bord på ei scene. Ein annan mann står ved sisan av.
Prorektor Kathrine Tveiterås signerte avtala på vegner av UiT. Foto: Julia Holte Sempler / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 19.06.24 14:05 Oppdatert: 20.06.24 11:34
Lov og rett Om UiT

Den femårige avtala skal gjere det lettare for tilsette og studentar på begge universiteta å dra på utveksling, forske og samarbeide hjå kvarandre.

Begge dei to juridiske fakulteta fokuserer på problemstillingar innan samtidsjuss, som til dømes berekraft, barn, urfolksrett og klima.

– Universitetet i Antwerpen er eit framifrå universitet, og vi ser mykje likskap mellom oss to juridiske fakultet. No håper eg både våre og deira studentar og tilsette grip moglegheita til å få nye perspektiv på juridiske problemstillingar, seier dekan ved Det juridiske fakultet, professor Tore Henriksen.

Avtale vart underteikna i Oslo som ein del av eit offisielt belgisk besøk til Noreg, kor fleire belgiske statsrådar og HKH prinsesse Astrid av Belgia har møtt norske statsrådar og representantar.

Universitetet i Antwerpen har 23000 studentar, og to tusen av dei studerer på Juridisk fakultet. Universitetet tilbyr både bachelor- og mastergradar og doktorgradsprogram. Både UAntwerp og UiT er medlem av alliansen for unge, europeiske universitet; YERUN.

Antwerpen

  • Antwerpen er ein by i Belgia som ligg ved elva Schelde, omlag 88 kilometer frå Nordsjøen.
  • Byen hadde 523 248 innbyggjarar i 2018, og med forstadane var innbyggjartalet nær 1,2 millionar. Det moderne Antwerpen har eit areal på 204,5 kvadratkilometer. Antwerpen har norsk konsulat.
  • Antwerpen er ein av dei største hamnebyane i verda, med mellom anna ei stor konteinarhamn.
  • Har ein eldre, indre by med pittoreske smaua og smale gater, vekslande med opne plassar og breie gater.
  • Har mange praktfulle byggverk, mellom anna den gotiske Onze Lieve Vrouwe-katedralen, med 7 skip og eit 123 meter høgt tårn med klokkespel, som i sommarhalvåret vert brukt til konsertar.

Kjelde: Antwerpen – Store norske leksikon


Kortnytt fra Det juridiske fakultet, Seksjon for internasjonalt samarbeid, Avdeling for forskning, utdanning og formidling
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar