Ny jussavtale med Universitetet i Antwerpen
Med HKH Prinsesse Astrid av Belgia som vitne, signerte UiT og Universitet i Antwerpen i dag ei ny avtale for mobilitet for studentar og tilsette på dei juridiske fakulteta.
Den femårige avtala skal gjere det lettare for tilsette og studentar på begge universiteta å dra på utveksling, forske og samarbeide hjå kvarandre.
Begge dei to juridiske fakulteta fokuserer på problemstillingar innan samtidsjuss, som til dømes berekraft, barn, urfolksrett og klima.
– Universitetet i Antwerpen er eit framifrå universitet, og vi ser mykje likskap mellom oss to juridiske fakultet. No håper eg både våre og deira studentar og tilsette grip moglegheita til å få nye perspektiv på juridiske problemstillingar, seier dekan ved Det juridiske fakultet, professor Tore Henriksen.
Avtale vart underteikna i Oslo som ein del av eit offisielt belgisk besøk til Noreg, kor fleire belgiske statsrådar og HKH prinsesse Astrid av Belgia har møtt norske statsrådar og representantar.
Universitetet i Antwerpen har 23000 studentar, og to tusen av dei studerer på Juridisk fakultet. Universitetet tilbyr både bachelor- og mastergradar og doktorgradsprogram. Både UAntwerp og UiT er medlem av alliansen for unge, europeiske universitet; YERUN.
Antwerpen
- Antwerpen er ein by i Belgia som ligg ved elva Schelde, omlag 88 kilometer frå Nordsjøen.
- Byen hadde 523 248 innbyggjarar i 2018, og med forstadane var innbyggjartalet nær 1,2 millionar. Det moderne Antwerpen har eit areal på 204,5 kvadratkilometer. Antwerpen har norsk konsulat.
- Antwerpen er ein av dei største hamnebyane i verda, med mellom anna ei stor konteinarhamn.
- Har ein eldre, indre by med pittoreske smaua og smale gater, vekslande med opne plassar og breie gater.
- Har mange praktfulle byggverk, mellom anna den gotiske Onze Lieve Vrouwe-katedralen, med 7 skip og eit 123 meter høgt tårn med klokkespel, som i sommarhalvåret vert brukt til konsertar.
Kortnytt fra Det juridiske fakultet, Seksjon for internasjonalt samarbeid, Avdeling for forskning, utdanning og formidling
-
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Rettsvitenskap - master
Varighet: 5 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Vernepleie - bachelor (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 4 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År -
Ph.d.-utdanning i rettsvitenskap
Varighet: 3 År -
Ocean Leadership - Executive master
Varighet: 3 År -
Contemporary Issues in Risk and Crisis Management - master
Varighet: 2 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Fagdidaktikk for lærere - master
Varighet: 4 År