Nye trafikkteljarar i Tromsø

UiT har installert trafikkteljarar på hovudcampus i Breivika. Med kamera og AI-teknologi skal dei registrere og analysere trafikkmønster i sanntid.

ein mann i sommerklede peiker på ein bygninga bak seg. det er teikna ein raud ring rundt ein sak festa på eit vindauge
Rådgjevar Sigurd Salberg Pedersen peiker på ein av trafikkteljarane. Foto: Jakob B. Henriksen / UiT
Portrettbilde av Eidum, Espen Viklem
Eidum, Espen Viklem espen.eidum@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 10.06.24 15:18 Oppdatert: 12.06.24 09:56
Om UiT

Trafikkteljarane på campus i Breivika er monterte på fire nøkkelstadar langs Universitetsvegen, Huginbakken, Muninbakken, og Hansine Hansens veg.

Ein mann poserar utandørs i sommarklede
Sigurd Salberg Pedersen. Foto: Jakob B. Henriksen / UiT

Teljarane har kamera og AI-teknologi, og oppdaterer data kvart 15. minutt. Dei kan skilje mellom gåande, syklande, bilar og større køyretøy som bussar, og bidreg til å gje universitetet verdifull innsikt om trafikkflyten inn og ut av campus.

– Vi har ønskt oss meir konkrete data for å kunne planleggje betre og ta gode avgjerder om vidare campusutvikling, seier rådgjevar Sigurd Salberg Pedersen ved Seksjon for areal og utvikling.

Teljinga registrerar ikkje kven som passerar, så det er ikkje mogleg å ovarvake eller på anna vis kontrollere folks bevegelsar på campus.

Dataa er ope tilgjengelege for allmenta via nettstaden telraam.net, og gjev moglegheit for detaljert innsikt i trafikktrendar. Teknologien støttar målet til universitetet om å redusere talet på parkeringsplassar og fremje grønare, meir aktiv bruk av campusområdet.

– Med dei nye trafikkteljarane kan vi no få ei betre forståing av korleis ulike tiltak kan påverke trafikkstraumane, seier Pedersen.

I tillegg til å samle data, planlegg UiT å hengje opp informasjon for å informere studentar, tilsette og besøkjande om den pågåande teljinga og kvar dei kan finne og nytte seg av trafikkdataa.

– Planen er å prøve dette i eitt år, så må vi sjå om effekten er god. Så har vi høve til å eventuelt utvide med fleire punkt. Dataa ligg jo ope. Noko som kunne vore spennande er viss det var studentar eller forskingsmiljø som ville nytte seg av desse, seier Pedersen.

Sjå live trafikkdata her: https://telraam.net/en#16/69.6803/18.9746

Ei firkanta elektronisk dings med skjerm heng på eit vindauge. På skjermen ser ein symbol for syklande, gåande og bilar, og tal for passeringar. I bakgrunnen utafor køyrer nokon forbi på ein elektrisk sparkesykkel.
Trafikkteljarane registrerer både syklande, gåande og køyrande. Foto: Jakob B. Henriksen / UiT

Kortnytt fra Avdeling for bygg og eiendom, Fellesadministrasjonen, Seksjon for areal og utvikling
Eidum, Espen Viklem espen.eidum@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar