35 millionar til fire NT-prosjekt

UiT og Equinor har inngått ei avtale kor fire prosjekt hjå Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT) samla får 35 millionar over fem år.

Seks menneske poserar smilande på eit møterom. To sittande fremst, fire ståande bak.
NØGDE: Bak frå venstre: Roger Sollie (Equinor), Andreia Plaza-Faverola, Marius Haugland og Arne O. Smalås. Framme frå venstre: Ørjan Birkeland (Equinor) og Dag Rune Olsen. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 14.03.24 10:14 Oppdatert: 20.03.24 10:25
Om UiT

– Det er viktige og framtidsretta prosjekt som no får støtte, sa dekan for NT, Arne O. Smalås, då avtala vart signert på UiT i Tromsø.

Akademia-avtala

  • Avtale kor Equinor finansierer grunnforsking på fem norske universitet og Noregs Handelshøgskule (NHH).
  • Totalt 380 millionar kroner over fem år.
  • I tillegg til UiT er disse med i avtala: Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger.
  • Equinor sitt akademiaprogram har eksistert i 15 år.

Med seg på signeringa hadde han to av prosjektleiarane som får midlar i avtala:

Førsteamanuensis Andreia Plaza-Faverola leiar eit prosjekt som ser på korleis veske flyt gjennom sprekkar og sediment på havbotnen. Til stades var òg førsteamanuensis Marius Haugland, som skal jobbe med kva for material som kan nyttast til karbonfangst.

Denne avtala gjer det meir attraktivt å utdanne seg, jobbe og leve i Nord-Noreg

Dei to andre prosjekta ser på fusjonsenergi og havvind, og er leia av høvesvis professor Odd Erik Garcia og professor Igor Ezau.

SJÅ VIDEO: Odd Erik Garcia forklarar kva som skjer inne i ein fusjonsreaktor

Ei avtale for framtida

UiT-rektor Dag Rune Olsen er godt nøgd med ei avtale som både støtter forsking, utdanning og sysselsetting i landsdelen.

– Denne avtala er viktig for UiT på fleire måtar. Den er viktig for rekrutteringa vår på alle nivå. Den gjer oss attraktive for studentar, stipendiatar, postdoktorar og andre tilsette. Men den støttar òg grunnforsking som samfunnet vårt har stort behov for, og som har så kort veg som mogleg frå grunnforskinga til arbeidsplassar, seier han.

To pent kledde menn ser i kamera og smiler mens dei signerer papir.
Ørjan Birkeland, prosjektleiar for Nordområdeenheten i Equinor og rektor Dag Rune Olsen signerer avtala. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Equinor sine representantar er og oppteken av både arbeidsliv og framtidas samfunn:

– Hjå Equinor i Harstad har vi mange tilsette frå UiT, men vi vil gjerne ha fleire. I Equinor treng vi kompetansen og kapabiliteten som vert utvikla gjennom samarbeidet med akademia både i dag, i morgon og i framtida. Akademiavtalen er ein viktig grunnstein i dette arbeidet, seier Ørjan Birkeland, prosjektleiar for Nordområdeenheten i Equinor.

– Temaa som UiT og Equinor har vorte einige om peikar framover mot fornybar energi og lågkarbonløysingar som samfunnet treng. No er det viktig at UiT raskt får rekruttert dyktige folk i stillingane, som kan levere spennande og verdifull forsking, seier Roger Sollie, som har ansvaret for akademia-avtalene i Equinor.

UiT sin rektor er glad for samarbeid med ein så tung aktør som Equinor:

– Denne avtala gjer det meir attraktivt å utdanne seg, jobbe og leve i Nord-Noreg, seier Olsen.

Les meir på Equinor sine sider. Der finn du òg sjølve avtala.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 14.03.24 10:14 Oppdatert: 20.03.24 10:25
Om UiT