Breitt og spissa frå UiT på Arctic Frontiers

UiT kjem med både fagleg spisskompetanse og breie innspel på ein av dei viktigaste konferansane i nordområda. Og mykje er gratis og opent for alle.

foto frå luften av en snødekka by ved eit sund. fjell og sjø mot horisonten.
Nydeleg vêr og nydeleg by under Arctic Frontiers 2023. Foto: Vegard Stien / Arctic Frontiers
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 26.01.24 13:39 Oppdatert: 31.01.24 14:07
Arktis Bærekraft Energi Geopolitikk Hav Helse og velferd Historie Internasjonalt samarbeid Klima Lov og rett Naturvitenskap Om UiT Samfunn og demokrati Teknologi Urfolk Økonomi

Kvart år samlast eit internasjonalt A-lag innan politikk, næring og forsking på Tromsø-konferansen Arctic Frontiers, som i år har temaet Actions & Reactions. Opp mot 40 forskarar frå UiT skal spreie kunnskap og diskutere med fagfellar innafor mange tema; karbonsyklus i smeltande isbrear, nordområdepolitikk, smarte byar, krigshistorie og framtidas polhav, for å nemne nokre få.

Universitetsleiinga skal diskutere arktisk utdanning og forsking, klima og global helse og tryggleik med ministrar, senatorar og andre sentrale samfunnsaktørar. Dei skal òg ha fleire møte i alliansane EUGLOH og Arctic Five.

Tungt vitskapleg avtrykk frå UiT

Fleire forskargrupper og miljø er ansvarlege for sesjonar, panel og debattar, mellom anna iC3, CLEAN, Senter for arktisk humaniora, Senter for hav og Arktis, og historiemiljøet rundt andre verdskrigen i Arktis. I tillegg er ein rekkje UiT-forskarar bidragsytarar i mange ulike arrangement i vitskaps- og sideprogrammet.

Du kan sjå alle sidearrangementa på Arctic Frontiers si Youtube-side.

Fire personar på ei scene, i diskusjon. Foran dei eit stort skilt der det står Arctic Frontiers.
Oran Young har vore fleire gonger på Arctic Frontiers – her i 2022 (Young er nummer 2 frå høgre). Foto: David Jensen / Arctic Frontiers

Vinnar av Mohnprisen for 2024, Oran Young, kjem òg til Arctic Frontiers. Young skal få overrekt prisen frå statsminister Jonas Gahr Støre, og skal helde innlegg og delta i panelsamtalar. Torsdag 1. februar går The Mohn Prize Seminar av stabelen på UiT i Breivika, Tromsø. Sjå her for program og påmelding.

Eit anna arrangement som ikkje er under AF-paraplyen, men absolutt verdt å få med seg er (sein) UiT-frukost med utanriksminister Espen Barth-Eide på campus i Breivika 30. januar kl. 10.30–12.00.

Noko for alle

Det er mykje på Arctic Frontiers som ikkje krev konferansepass. I tillegg til sidearrangementa som vert strøyma, kan du finne fleire interessante arrangement i det opne programmet, fleire av dei med UiT-tilsette i sentrale roller.

Stipendiatane Freya Sykes og Adele Westgård skal begge dele forskinga si på Pecha Kucha 30. januar frå 19:30 til 22:30 på Storgata Camping.

Professor Stian Bones skal vere med på podkasten «Det store bildet sett fra nord om geopolitikk, samarbeid og hverdagsliv i Arktis» saman med mellom anna Ine Eriksen Søreide og Hilde Sandvik: 30. januar kl. 16:30–18:00 på Skirri Restaurant.

Førsteamanuensis Håkon Rune Folkenborg skal diskutere utdanning i krisetider på Education in the Crossfire of Ideological Frontlines and War på Cafe Sånn, 1. februar kl. 19:00–21:00.

Elles i det opne programmet finn ein mellom anna næringslivskonferansen Springfart for nord (PDF), debatter om kulturen si rolle som samfunnsutviklar i nord, Arctic Geopolitics Pubinar og diskusjon om Tromsø kommune si rolle etter sannings- og forsoningskommisjonen. For å sjå meir, gå til programmet for Arctic Frontiers og vel «Sort by Open».

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 26.01.24 13:39 Oppdatert: 31.01.24 14:07
Arktis Bærekraft Energi Geopolitikk Hav Helse og velferd Historie Internasjonalt samarbeid Klima Lov og rett Naturvitenskap Om UiT Samfunn og demokrati Teknologi Urfolk Økonomi
Vi anbefaler