Store norske leksikon: Folk søker kunnskap om det som er i mediebiletet

Dei store nyheitshendingane påverka lesartala til Store norske leksikon i 2023. Dei mest lesne UiT-artiklane stadfestar dette.

En dame står med to menn bak seg
TV-serien Makta var ein av dei store snakkisane i 2023. For å forstå handlinga, blei SNL mykje brukt. Foto: NRK
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 03.01.24 11:40 Oppdatert: 03.01.24 15:12
Om UiT

Folk ligg i sofaen og les flittig medan dei ser dramaseriar eller les nyheiter. Det prega Store norske leksikon (SNL) i året som gjekk, og artiklar om historiske Ap-politikarar, Israel, Palestina, Russland, Ukraina og andre nyheitshendingar, fekk derfor auka merksemd.

Eit døme er TV-serien "Makta" som bles nytt liv i historiene om gamle AP-heltar. 

– Det var veldig interessant å følgje med på lesinga av desse artiklane, seier sjefredaktør Erik Bolstad.

– Ettersom handlinga i TV-serien skred fram, såg vi at artiklane om dei gamle Ap-kjempene som Bjartmar Gjerde, Per Kleppe og ikkje minst Reiulf Steen klatra på mest lest-listene våre, seier han.

Har bygd opp ein kunnskapsberedskap

Samla sett vart artiklane i SNL lese 114 millionar gonger i løpet av 2023 – det er det meste nokon gong. 

UiT sin formidling i Store norske leksikon

  • Artiklane frå UiT vart lese 4,2 millionar gonger i 2023.
  • UiT-folk har ansvar for 9 698 artiklar, og vi har 61 fagansvarlege i SNL.
  • SNL har opp til 3,5 millionar unike brukarar i månaden, og 600 000 lesne artiklar kvar dag.
Her kan du lese meir om UiT sin formidling i 2023 (PDF).

Store internasjonale hendingar, slik som konflikten i Midtausten, hadde stor innverknad på lesartala.

– På dette feltet har vi drive ei form for kunnskapsberedskap. Eit breitt spekter av artiklar er jobba fram over fleire år, slik at kunnskapen er klar når folk treng den, seier Bolstad.

– Vi ser av lesartala at det er eit stort behov der ute for å vite meir, og stoffet vårt gir lesaren mange ulike innfallsvinklar til konflikten.

Russland på topp frå UiT

SNL har også vore ei viktig kjelde for dei som har søkt djupare forståing av krigen i Ukraina. Her har UiT har bidratt med kunnskap om Russland.  

På lista over dei 15 mest lesne artiklane frå UiT, finn vi tre innan temaet: "Den russiske revolusjonen", "Sovjetunionen" og "Josef Stalin" – alle skrivne av Jens Petter Nielsen. 

Det samiske i vinden

På topp 15-lista finn vi òg artiklane "Samisk religion" av Siv Ellen Kraft og "Kautokeino-opprøret" av Bård A. Berg.  

Samiske spørsmål har vore framme i mediebiletet med både filmen Ellos eatnu – La elva leve, Fosen-saka og Sannings- og forsoningskommisjonens rapport. 

Det er såleis ikkje overraskande at artiklane "Samer" og "Samenes historie", forfatta av Harald Gaski, er blant dei 40 mest lesne på SNL i 2023. 

Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 03.01.24 11:40 Oppdatert: 03.01.24 15:12
Om UiT