Vart president for universitetsnettverk

UiT-rektor Dag Rune Olsen er vald til president for The Young European Research Universities Network (YERUN). – Ein god posisjon for påverknad, seier han.

Ein smilande mann i dress, utandørs.
Nyvald president i YERUN, Dag Rune Olsen. Foto: David Jensen
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 17.10.23 15:01 Oppdatert: 19.10.23 11:21
Internasjonalt samarbeid Om UiT

Young European Research Universities Network er, som namnet tyder på, eit nettverk for «unge» forskingsuniversitet. Sjølv om UiT er over 50 år, er vi unge samanlikna med til dømes 800-åringane i Cambridge eller Bologna. På YERUN sin generalforsamling på NOVA-universitetet i Lisboa i oktober vart Dag Rune Olsen vald til president.

– Det er jo sjølvsagt ei ære, seier den nyvalde presidenten.

– Eg skal jobbe for at nettverket held fram med det gode arbeidet, og påverke EU sin forskings-, utdannings- og innovasjonspolitikk. Det vil òg tene UiT i på sikt, seier Olsen.

Det er 22 universitet med i YERUN, i all hovudsak frå Vest-Europa. Frå Noreg er det berre UiT Noregs arktiske universitet og Universitetet i Søraust-Noreg (USN) som er medlem. YERUN skal leggje til rette for samarbeid, men òg vere ei røyst for nettverket inn i Brussel.

– I nettverket får vi god og oppdatert informasjon om kva som skjer i EU. I tillegg lærer institusjonane i nettverket av kvarandre, vi byggjer ein felles oversikt over EU sine utlysingar, og søkjar samarbeid der dette er mogleg, seier Olsen.

YERUN sine hovudoppgåver:

  • Påverke og gje råd om EU sin politikk for å forme framtida til universiteta og ha ein reell innverknad på rolla og karakteren til høgare utdanning i Europa.
  • Fremje samarbeid og transformative aktivitetar blant medlemmene, med sikte på å leggje til rette for forbindelsar, å lære av kvarandre og oppnå større gjennomslagskraft.
  • Vise fram prestasjonane som er oppnådde av unge europeiske forskingsuniversitet gjennom ein dedikert kommunikasjonsstrategi som aukar merksemda deira på internasjonalt nivå.


Kortnytt fra UiT Norges arktiske universitet, Seksjon for internasjonalt samarbeid, Avdeling for forskning, utdanning og formidling, Universitetsledelsen
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no