– Det var ingen andre alternativ enn UiT

I dag starta studieåret på UiT sine mange studiestadar – med talar, musikk og høgtidsstemning. For både studentar, statsrådar og tilsette er det ein dag for forventningar.

Tre unge menn står utandørs og poserar for kamera.
Førstårsstudentane (f.v.) Jonas Aleksander Langnes, Eric Solheim Bøe og Johannes Larsen. Foto: Kristin Ballovarre / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 14.08.23 14:01 Oppdatert: 14.08.23 21:39
Om UiT Studentliv / Studier

På campus i Tromsø har dei tre førstårsstudentane Jonas Aleksander Langnes (informatikk), Eric Solheim Bøe (økonomi) og Johannes Larsen (idrett) møtt opp til den høgtidlege opninga av semesteret.

– For oss var det ikkje nokre andre alternativ enn å studere på UiT, seier dei tre.

Dei innrømmer at dei grugleder seg til å kome i gang med studiane, men ein ting ser dei uhemma fram til:

– Debutuka, seier dei i kor.

Borch møtte "seg sjølv"

Dei tre var ikkje åleine i Labyrinten på UiT i Breivika. Truleg var i overkant av 1000 studentar til stades for å sjå og høyre mellom anna Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch på den offisielle opninga av studieåret.

Ei kvinne i profil snakkar. Ei unga kvinne og ei ung mann ser på i bakgrunnen.
Dei ferske jusstudentane Ingrid Aasberg og Anders Pedersen fekk gode råd på vegen frå statsråden. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

Då hadde statsråd Borch allereie tjuvstarta dagen med å treffe fire ferske studentar på juss-studiet.

– For 13 år sidan satt eg like spent som dei er no, på min første dag hjå UiT. Så eg fekk litt "flashback" til spenninga dei kjenner på i dag, seier Borch.

Ho seier at ho gav dei råd om å melde seg på det dei kan av sosiale aktivitetar, men samstundes starte med dei gode rutinane allereie no.

Ingrid Aasberg og Anders Pedersen syntest det var spennande å treffe statsråden

– Det var interessant å høyre kva ho, som tidlegare student her, hadde å seie, seier Aasberg.

– Ho hadde gode tips, og så er det jo artig å sjå ein kunnskapsminister med akkurat same utdanning som vi skal starte på no, seier Pedersen.

Reiste 100 mil til opninga i Alta

I Alta var det òg god stemning og mange nye studentar. Niki Heikkonen og Ville Ahokas frå Joensuu i Finland fekk møte prorektor for utdanning, Katrine Tveiterås, under opninga.

To unge menn og ei kvinne smilar mot kamera.
Ville Ahokas og Niki Heikkonen vart anbefalt av Karelia universitet om å velje Alta framfor andre europeiske byar. I dag møtte dei prorektor Kathrine Tveiterås. Foto: Inger Elin Utsi / UiT

Heikkonen har trent på svenskkompetansen sin heilt sidan det vart klart at han fekk dra til Alta på utveksling.

Dei to reiselivsstudentane hadde aldri vore i Noreg før dei kom til Alta, og begge er særs glade for at de valde å studere i Noreg.

–  Me vart ønska velkommen heile vegen over vidda med den vakre naturen, og vi har møtt stor gjestfridom. Det har vore fantastisk til no, seier dei to, som køyrde over 1000 km for å komplementere bachelorgraden med eit semester på UiT.

– Vi må ta ansvar for kvarandre for å lukkast

I sin tale til studentane i Tromsø, sa Borch at ho hadde nokre av sine beste år som student hjå UiT i Tromsø, og ho gav dei frammøtte mange av dei same råda som jusstudentane fekk.

Statsråden fortalte òg at ho var den første i sin familie som tok høgare utdanning, og at det ikkje alltid er like lett. Det er ei gruppe studentar som ikkje fullfører utdanninga i like stor grad som andre, og statsråden håper at både studentar og tilsette kan gjere alt dei kan for at alle trivst på universitetet.

Ei stor gruppe menneske smilar og rekk henda opp mot kamera.
Prorektor Katrine Tveiterås og viserektor Bente Haug møtte mange nye studentar og tilsette under opninga av semesteret i Alta. Foto: Tommy Skum Hansen / UiT

– Om alle dokker her tar litt ekstra ansvar for kvarandre, vil fleire lukkast. Og det treng Noreg. Det er avgjerande for at vi skal kunne halde fram med å byggje velferd i dette landet, sa Borch i sin tale.

Studeitida er ein ekspedisjon

I år opna semesteret på same dag på dei ulike campusane. I talen til studentane i Alta (av prorektor Kathrine Tveiterås), Harstad (av viserektor Rikke G Gjærum), Narvik (av prorektor Camilla Brekke), og Tromsø (av rektor Dag Rune Olsen) framheva rektoratet studietida som ei reise:

– (…) ein ekspedisjon frå det kjende mot det ukjende, frå det du veit, meistrar og meiner i dag til det du kan vite, meistre og meine i morgon. Då vert du også meir enn læraren, sjukepleiaren, forretningsutviklaren og IT-konsulenten som skulen, helsevesenet og bedriftene treng. Du vert det opne, rause og sanningssøkjande mennesket som samfunnet sårt treng, sa dei i talen.

 
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 14.08.23 14:01 Oppdatert: 14.08.23 21:39
Om UiT Studentliv / Studier