50 år sidan første doktordisputas på UiT

Oddleif Leirbukt fekk æra av å disputere på UiT i 1973, berre ni månader etter at Kong Olav opna universitetet. Han var den første av til no 2756 doktorandar hjå UiT.

eldre mann som holder opp et gammelt bilde fra UiT
Oddleif Leirbukt med bilete frå sin egen disputas i 1973. Foto: Oddleif Larsen / UiT
Portrettbilde av Bludd, Ellen Kathrine
Bludd, Ellen Kathrine ellen.kathrine.bludd@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 30.06.23 10:00 Oppdatert: 08.08.23 11:26
Kunst og kultur Om UiT

16. juni 1973 forsvarte Oddleif Leirbukt, som den aller første hjå UiT, si doktorgradsavhandling, Studien zum Prädikat der deutschen Gegenwartssprache (studiar over predikatet i dagens tysk).

Eit sort-kvitt bilete av fire menn og ei kvinne, alle pent kledde.
Den aller første disputas på UiT, 16. juni 1973. Frå venstre professor Carl Hjalmar Borgstrøm, UiO, disputasleiar og UiT sin første kvinnelege professor Åse Hjorth Lervik, Oddleif Leirbukt, professor Hans Eggers, Universitetet i Saarbrücken, og professor Laurits Saltveit, UiO.

– Eg var ikkje så særleg nervøs, men spent, sjølvsagt, seier Leirbukt.

– Eg klarte å halde hovudet relativt kaldt, ikkje minst takka vere dåverande professor og seinare UiT-rektor Yngve Løchen. Han minna meg på at forfattaren skriv avhandlinga og kjenner den best, seier han.

Aftenpostens korrespondent i Harstad dekkja disputasen, og skreiv at «For Universitetet i Tromsø er den første doktorgrad en begivenhet med mange aspekter. Flere av dem er knyttet til doktoranden selv. Oddleif Leirbukt er selv Troms-væring, født i Nordreisa, oppvokst på Skjervøy og med artium fra Finnfjordbotn.»

Byrjinga på ein lang karriere

Då han disputerte, var Leirbukt førsteamanuensis. Etter disputasen og kreeringa ein månad seinare vart han utnemnt til dosent i tysk språkvitskap, og så til professor hjå UiT i 1977. Leirbukt sin akademiske karriere gjekk etter kvart vidare til eit professorat hjå Universitetet i Bergen i 1994, kor han jobba fram til pensjonsalder i 2007.

Faksimile av ei gulna avisside frå 1973
Avisa Norldys dekka den store hendinga (trykk for større bilete). Faksimile: Nordlys

Leirbukt var medlem av Interimsstyret for UiT 1972/1973, han leia Det nasjonale fagrådet for tysk i to terminar, og han var i perioden 1994 - 2004 leiar for den norske delen av styret for det tysk-norske studiesenteret ved Universitetet i Kiel. Han har vore medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab sidan 1995.

Tyskprofessoren hadde eit sterkt internasjonalt preg på sitt arbeid, med passiv, modalitet og tysk som framandspråk som sine hovudfelt. Som forskingsstipendiat under NAVF (Norges almenvitenskapelige forskningsråd, ein forløpar for Forskingsrådet) var han 1970/1971 i eit svært aktivt miljø ved Institut für Deutsche Sprache i Mannheim.

Leirbukt heldt jamleg kontakt med dette miljøet i samband med eiga forsking. I åra 1998 - 2008 var han medlem av Internationaler Wissenschaftlicher Rat (Det internasjonale vitskaplege råd) ved same institutt – både då og no det største forskingsinstituttet i verda for tysk språk.

Pionerane fekk god støtte

Leirbukt er stolt av å vere den første med doktorgrad frå UiT. Men han er rask til å understreke kor god støtte han fekk frå UiT for å kvalifisere seg:

Eit gamat diplom på latin.
Beviset på at Leirbukt er doctor philosophiae, signert av UiT sin første rektor, Peter F. Hjort. Foto: UiT

– Eg fekk utmerka hjelp frå institusjonen i arbeidet med avhandlinga, til dømes fekk eg eit ekstra utanlandstilskot for å kunne ta familien med til Mannheim i 1970 og -71, seier han.

Leirbukt meiner UiT i dei første åra la stor vekt på å støtte yngre forskarar som kunne verte motiverte deltakarar i det ganske krevjande arbeidet med å byggje opp ein ny institusjon på høgt nivå.

– Det var utruleg viktig at folk fekk slike gode sjansar i pionertida, seier han.

I tillegg til støtta frå UiT vil Leirbukt òg framheve at han i heile stipendiatperioden (1968-1972) hadde uvurderleg støtte hjå ektefellen sin, som tok hovudansvaret for dei praktiske gjeremåla i familien. Dermed kunne han konsentrere seg om forskingsarbeidet.

Utan den framifrå innsatsen hennar hadde det ikkje vore mogleg å fullføre doktorgradsprosjektet på så vidt kort tid, seier han.

85 år gamle Leirbukt nyt no pensjonisttilværet i Moss, men tida med akademisk publisering var ikkje over før i 2021.

Då kom artikkelsamlinga Deixis und Deiktika im Deutschen, som inneheld hans siste vitskaplege arbeid: «Über Bildungen mit vergangenheitsbezogenem Konjunktiv Präteritum, würde + Infinitiv I und Konjunktiv Plusquamperfekt in modalem Gebrauch».

Bludd, Ellen Kathrine ellen.kathrine.bludd@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 30.06.23 10:00 Oppdatert: 08.08.23 11:26
Kunst og kultur Om UiT
Vi anbefaler