Praktisk informasjon FIL-0702 haust 2023

Hugs å melde deg på gruppe innan 1. september.

På denne sida finn du litt praktisk informasjon for oppmelding og studiestart. Du melder deg på gruppe i Studentweb.


Denne orienteringa gjeld kun for nettvarianten av examen philosophicum ved HSL-fakultetet. Ein kan berre ta dette emnet om ein har studierett knytta til FIL-0702. Merk at pedagogikk, språkfaga og andre fakultet har eigne ex.fac.-opplegg. Ta kontakt med ditt institutt for informasjon.


Nettstudie

Fagleg innhald, pensum og målsettingane for studiet er sams for campus- og nettvarianten. Til forskjell frå campusundervisinga opnar nettvarianten for ein meir fleksibel studiekvardag, der du sjølv i stor grad bestemmer tid og stad for undervising og progresjon i studiet.

Oppmelding i gruppe

Heile kurset føregår i Canvas, kor du også finn detaljerte opplysingar om kursopplegget. Brukarnamn og passord for innlogging i Canvas får du i e-post når du blir tatt opp på studiet, men du må melde deg på ei gruppe for å få tilgang til grupperommet i Canvas. Påmeldinga skjer via Studentweb. Sjå gjerne på punkt 3 i Sjekklista


Pensum 


Du kan kjøpe pensum hjå Akademika.


Viktige datoar

Frist for å melde seg på gruppe: 1. september
Fyrste innlevering veke 35
Siste innlevering veke 43
Digital heimeeksamen veke 45 (9. november 0900-1400)
Frist for prosjektbeskiving veke 46
Rettleiing veke 47 og 48
Frist for semesteroppgåva veke 49 (4. desember kl. 14)

Nærmare informasjon om semesteroppgåva og eksamen gjes i Canvas.


Canvas

Canvas er arbeidsreiskapen som læraren vil bruke gjennom heile studiet for å gje tilbakemeldingar, informere om tidsfristar, publisere oppgåvene til dei ulike innleveringane med meir. Derfor må du heile tida oppdatere deg på Canvas-rommet.

Når du har meldt deg på ei rgruppe, får du tilgang til Canvas-rommet for gruppa. Ytterligare informasjon om kurset finn du på "Heim" (forsida) i Canvas og i "Emneinformasjon" under "Modular". Sjå på denne informasjonen før den fyrste innleveringa.

Undervising

Undiervisinga i emnet består av videoførelesingar og innleveringar. I dei første ni vekene av studiet skal du arbeide med gitte oppgåver og levere svara innan bestemte fristar for kvar av desse vekene. Svara blir normalt vurderte og kommenterte innan ei veke etter innleveringsfristen.

Du må ha seks av ni godkjente obligatoriske innleveringar for å få lov til å ta eksamen.

Legg merke til at du kan levere inn oppgåvesvar før fristane. Dette gjer studiet fleksibelt om du skulle vere hindra frå å levere i ei av desse vekene. Men det er likevel ikkje mogleg å levere inn etter dei aktuelle tidsfristane. Av faglege omsyn rår vi deg til å følgje progresjonen i studieplanen. Vi ventar 2-3 normale tekstsider (800 - 1200 ord) for kvar oppgåveinnlevering.

Eksamen

Eksamen består av ei semesteroppgåve og digital heimeeksamen på fem timar. Heimeeksamen tel 40% av den samla karakteren mens semesteroppgåva tel 60%. Du får meir informasjon om dette av lærar i Canvas.