Tar tannlegeskrekk på alvor
Odontofobi er ein av dei vanlegaste fobiane som finst, og på landsbasis kan så mange som ein halv million menneske vere ramma. I Tromsø blir det no utvikla ein heilt ny måte å behandle tannlegeskrekk på i norsk samanheng.
Professor Jan Bergdahl og tannlegestudent Gro Eirin Holde. Foto: Bjørn-Kåre Iversen |
Denne og flere relaterte artikler er publisert i Labyrint.
Mellom fem og ti prosent av befolkninga har tannlegeskrekk, eller odontofobi, som det heiter på fagspråket. 7 av 10 som har tannlegeskrekk, fekk det fordi dei hadde eit dårleg møte med tannlegen som barn, eller dei har fått skrekken etter påverknad frå familie eller vener.
- Denne typen tannlegeskrekk er ganske lett å behandle. Men det finst også ei gruppe pasientar der redselen er meir samansett og skuldast til dømes seksuelle overgrep eller andre traumatiske opplevingar. Da er skrekken eigentleg ikkje tannlegeskrekk, men symptom på noko anna og er meir komplisert å behandle, forklarer professor Jan Bergdahl ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Tromsø.
Bergdahl er sentral i arbeidet med den nye behandlingsmodellen, som er eit samarbeid mellom Institutt for klinisk odontologi ved UiT og Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter i Nord-Noreg(TkNN).
Gruppebehandling
Den nye modellen er basert på behandling i grupper. Tannlegar og tannpleiarar i heile Nord-Noreg skal få opplæring slik at tilbodet kan bli etablert både i Nordland, Troms og Finnmark. Tanken er at pasientane skal bli kvitt tannlegeskrekken sin ved hjelp av mellom anna tenkeoppgåver, opplæring i tannhelse og rollespel. Gradvis skal dei bli klare for det dei fryktar - tannlegestolen og tannbehandling.
- Gruppebehandling vil ikkje vere eigna for dei som er aller hardast ramma. Desse vil få tilbod om eit individuelt opplegg her i Tromsø, seier Bergdahl.
- Me behandlar pasientar med tannlegeskrekk også i dag, men ikkje med denne modellen, legg han til.
Frå Sverige
Gruppemodellen er prøvd ut i Sverige med gode resultat. Det måtte sjølvsagt ein svenske til for å få modellen til Noreg - professor Jan Bergdahl. Han er ein av få i verda som er utdanna både tannlege og psykolog. Medan han framleis budde i Sverige, var han med på å utvikle noko som heitte «Fobiskolan». Behandlinga viste seg ikkje berre å hjelpe mot tannlegeskrekk, men også mot andre fobiar.
Modellen som no vil bli tilbydd i Nord-Noreg, er ei vidareutvikling av «Fobiskolan». Meininga er å køyre eit pilotprosjekt i kvart av dei nordnorske fylka til hausten. Er det vellukka, vil gruppebehandling for pasientar med tannlegeskrekk kunne bli eit fast tilbod i heile Nord-Noreg, og etter kvart også elles i landet, får me tru.
- Dette er ein psykopedagogisk metode, og ikkje ein psykologisk metode. Ein treng derfor ikkje å vere psykolog for å leie behandlinga, men kan like gjerne vere tannpleiar, tannlege eller annan fagperson, seier Jan Bergdahl.
Å vere litt redd for å gå til tannlegen, er heilt normalt. Odontofobi har ein først dersom ein ikkje tør å gå til tannlegen, eller går, men med særs stort ubehag. Foto: Torgrim Rath Olsen |
Det viktigaste tiltaket for å førebygge tannlegeskrekk, er derfor å utdanne tannlegar som blir gode til å handtere menneske og flinke på verbal og ikkje-verbal kommunikasjon. Ved tannlegeutdanninga i Tromsø er det lagt spesiell vekt på dette i undervisninga. I starten av det 3. året, etter at medisinstudentane og tannlegestudentane har skilt lag, blir tannlegestudentane delt inn i refleksjonsgrupper på 7-10 studentar med eigen rettleiar frå Institutt for klinisk odontologi.
Gjennom heile resten av studiet, møtest dei i denne gruppa, der dei reflekterar rundt si rolle som tannlege på ulike måtar. Parallelt med dette, får dei i løpet av studiet spesiell undervisning og praksis i tema som samtalemetodikk, kognitiv metode, psykologi og psykiatri, emosjonell kompetanse og særleg kunnskap om odontofobi og andre komplekse problemstillingar knytt til pasienthandsaming.
Rollespel og videoopptak med påfølgande rettleiing frå ein fagperson, er blant verkemidla.
Så Universitetet i Tromsø utdannar Noregs beste tannlegar både til å førebygge tannlegeskrekk og handtere pasientar?
- Ja, det meiner eg. Det er ikkje nokon andre tannlegeutdanningar eg veit om som har eit tilsvarande studieopplegg, seier Jan Bergdahl.
Ein av studentane har til og med valt å skrive oppgåve om odontofobi, kan Bergdahl fortelje.
Spesielt lagt til rette
Studiet i Tromsø starta hausten 2004, og dei første tannlegane herifrå vil vere ferdige våren 2009. Institutt for klinisk odontologi og Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter i Nord-Noreg held til i same hus; i Tannbygget på Universitetet sin campus, like ovanfor Universitetssjukehuset Nord- Noreg.
I dette bygget er det spesielt lagt til rette for å kunne ta imot folk som har tannlegeskrekk, med mellom anna eigen inngang, eige venterom og eigne rom både for å snakke og for å få tannbehandling. Både professor Jan Bergdahl og kollega, førsteamanuensis Maud Bergdahl forskar på tannlegeskrekk gjennom eit stort studium dei framleis er involvert i frå si tid i Sverige. Etter kvart vil dei også forske på effektane av den nye behandlingsmodellen som skal bli tatt i bruk i Nord-Noreg.


