Ny innsikt i laksens immunforsvar
Ein ny doktorgrad ved Noregs fiskerihøgskule ved UiT visar at auka kunnskap om laksens immunforsvar er nødvendig for å kunna vidareutvikla vaksinane i framtida.
Virussjukdommar i laks er ei av de største utfordringane for oppdrettsnæringa. Betre fiskevelferd i oppdrett blir oppnådd ved bruk av effektive vaksinar. Laksens såkalla B-celler er ifølgje ein ny doktorgrad ved Noregs fiskerihøgskule, UiT, svært viktige «spelarar» i forsvaret mot virusinfeksjonar.
Shiferaw Jenberie disputerte 4. mars 2020 med avhandlinga «Atlantic salmon B cells – local and systemic responses to intraperitoneally administered salmonid alphavirus». Doktorgradsarbeidet har gitt ny kunnskap om korleis B-celler i laksens immunforsvar blir påverka under virusinfeksjon, og det er etablert nye metodar for å studera B-cellenes funksjonar.
– Ved vaksinering eller under ein infeksjon vil B-celler aktiverast og bli til celler som skil ut antistoff. Antistoffa hindrar virus i å spreia seg i kroppen til laksen og vernar mot framtidige infeksjonar av det same viruset, forklarer Shiferaw Jenberie.
Påverkar vernet
Dei fleste vaksinar som blir brukte i norsk fiskeoppdrett blir injiserte i bukhola, men det har mangla kunnskap om korleis B-celler blir påverka og reagerer lokalt i bukhola, og korleis dei lokale responsane har påverknad på framtidig vern.
– Vi må derfor auka kunnskapen om laksens B-celler for å kunne vidareutvikla og forbetra vaksinane i framtida, seier Jenberie.
Ein av problemsjukdommane hos oppdrettslaks er utbrot av pankreassjukdom. Pankreassjukdom blir forårsaka av eit virus kalla salmonid alfavirus (SAV). Jenberie og kollegaer har brukt dette viruset for å studera samspelet mellom B-celler lokalt i bukhola og i andre immunologiske vev.
– Resultata våre viser at ved SAV-infeksjon aukar talet B-celler som skil ut antistoff i bukhola, og dei er til stades i bukhola over lang tid, medan i andre immunologiske vev er B-celleresponsane mei avgrensa, seier Jenberie.
Jenberie framhevar at vidare forsking må til for å avdekka tydinga av lokale B-celleresponsar for vernande immunitet.